– Eg måtte gjera det for å skjerma meg sjølv, seier Merete Hodne til Jærbladet.
Dette skjer dagen etter at Hodne tapte rettssaka mot Løgnaslaget, der ho kravde at revygruppa skulle fjerna ordet «nazifrisør» frå ein sketsj om ho.
SPERRA: Slik ser Facebook-profilen til Hodne ut no.
Foto: SkjermdumpHodne seier at ho føler seg mobba av Løgnaslaget og at ho no treng ein pause.
– For meg er dette blitt ei stor belastning, og det skal bli godt å vera utan Facebook, seier ho til avisa.
Hodne har dei siste åra vore svært aktiv på Facebook. Utsegnene hennar har blitt heftig diskutert av støttespelarar og motstandarar.
I januar blei ho også saksøkt for ærekrenkingar etter to utsegner om privatlivet til Malika Bayan på Facebook.
Dette er same kvinne som Hodne har møtt i rettsrundar, etter at frisøren nekta Bayan tilgang til salongen fordi ho hadde på seg hijab. Denne saka har Hodne anka til Høgsterett.
- Les òg:
- Les òg:
- Les òg:
Hodne seier til Jærbladet at ho førebels ikkje veit kor lenge ho kjem til å vera ute av Facebook.