NRK Meny
Normal

Meiner sonen blei pressa til forkynning

Sonen i femte klasse skulle synge påskesalme i ein skulegudsteneste. – Det er det same som å drive med forkynning for dei andre elevane, seier faren. Han meiner dette er eit brot på opplæringslova.

Barn på gudstjeneste i Elsefjord kirke

Barn skal ikkje delta aktivt i ein skulegudsteneste, meiner far til ein femteklassing i Stavanger. (Arkivbilde)

Foto: Sør-Hålogaland bispedømme

– Eg synest det prinsipielt er langt over streken at elevane blir sett til å forkynna for sine medelevar, og at skulen arrangerer dette som ein del av det obligatoriske undervisningsopplegget.

Jan Eivind Danilelsen blei sjokkert over at sonen skulle delta i skulegudsteneste

Jan Eivind Danilelsen blei sjokkert over at sonen skulle delta i koret på ein skulegudsteneste.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Det seier Jan Eivind Danielsen, som er far til ein gut i femte klasse på Nylund skule i bydelen Storhaug i Stavanger.

17 år gammal tradisjon

Femteklassingane på Nylund skule har i mange år hatt som tradisjon å vera med å arrangera ei skulegudsteneste like før påske. Nokre elevar syng påskesalmar i koret, andre deltar med tekstlesing frå bibelen. Når det gjeld salmane, så øver dei på tekst og framføring i musikktimane på skulen.

Det var påskesalmen "Oppstått er Jesus", som sonen til Danielsen skulle vera med å framføra i koret. Refrenget og første vers er slik:

Oppstått er Jesus, hurra hurra!
Han lever, han lever, han lever nå.
Tom er graven i klippen. Vet noen hvor mesteren er?
Klærne hans ligger der han ble lagt, men selv er han ikke der.

Meiner dette er eit lovbrot

Danielsen tok kontakt med rektor på skulen då han oppdaga kva salme sonen hans skulle framføra. Danielsen hevdar at dette er eit brot på lova:

– Viss du ser på Opplæringslova paragraf 2.4, så står det veldig tydleg at skulen i samband med RLE-undervisning ikkje skal driva med forkynning, seier han.

Har spelt med opne kort

Rektor på Nylund skole, Frøydis Anthonsen er ikkje samd med Danielsen si framstilling.

Frøydis Anthonsen er rektor ved Nylund skole i Stavanger

Foreldra har fått god informasjon og dei kan utan problem trekkje borna sine frå å vera med på skulegudstenesta før påske. Det seier Frøydis Anthonsen, som er rektor ved Nylund skole i Stavanger.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Me har så langt eg har klart å spora opp følgd dei prosedyrane som me pleier å gjera, seier ho.

Lang tradisjon

Det er 17. året at femteklassingane deltar på påskegudsteneste på Nylund skule. Foreldra blir orienterte gjennom brosjyrar dei får første skuledag, ved at rektor informerer på foreldremøta og gjennom at lærarane minner foreldra på reservasjonsretten dei har, når gudstenesta nærmar seg.

– Men er det rett at elevane skal stå for forkynning framføre andre elevar?

– Det er læreplanane frå staten som styrer aktiviteten i skulen, og det gjeld også i denne saka, understrekar Anthonsen.

Læreplanen for femteklassingar seier at dei skal læra om kristen salmetradisjon, og dei skal også presentera ulike uttrykk frå kunst og musikk knytt til kristendommen.

– Då blir det ei tolking om det å synga ein påskesalme på ei påskegudsteneste blir så feil, når foreldra kan bruke reservasjonsretten sin, seier Anthonsen.