Hopp til innhold

Han vil ha fleire brev frå kriseramma kommunar

Høgres Arve Kambe trur det kan koma meir pengar til kommunar i Rogaland med høg arbeidsløyse, dersom dei sjølv ber om det.

Arve Kambe
Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

– Fleire kommunar i Rogaland må nytta det tidsvindauget som er no, seier stortingsrepresentant frå Høgre, Arve Kambe.

Han snakkar om tida fram til revidert nasjonalbudsjett blir lagt fram i mai.

For med ei stadig aukande arbeidsløyse, trur nemleg Kambe at Rogaland har gode sjansar for å få meir pengar til krisetiltak, dersom kommunane har gode prosjekt som ligg klare.

– All den draghjelpa me kan få frå kommunane, med gode lister over prosjekt som kan finansierast no, er gull verd for oss på Høgre- og Frp-benken. For me skal no i gong med å jobba inn mot regjeringa og Stortinget, for å fram fleire middel til oss i Rogaland, seier Kambe.

Ba om krisehjelp

Han tilrår altså kommunane i Rogaland å følgje Haugesund sitt eksempel.

For i går sende ordføraren, varaordføraren og assisterande rådmann i Haugesund eit brev til arbeids- og sosialministeren der dei bad om krisehjelp frå regjeringa.

Arbeidsløysa i kommunen er på 6,3 prosent, og dei ber staten om pengar til å starta opp ei rekke konkrete prosjekt, som kan generera arbeidskraft.

– Eg sett stor pris på at me får slike brev, seier Kambe.

– Burde ikkje ha vore nødvendig

– Viss han meiner at brev frå kommunane er det viktigaste for å kunne posisjonera seg i revidert budsjett, så seier det litt om korleis Kambe og Høgre driv sin politikk, seier stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet, Eirin Sund.

Eirin Sund

Eirin Sund i Arbeidarpartiet meiner det ikkje burde vore nødvendig for kommunane å skriva brev.

Foto: Erik Waage/NRK

Ho meiner regjeringa burde har gjort meir tidlegare. Og at det burde ha vore unødvendig for kommunane å sende brev til ministeren.

– Eg reknar med at dei får dei same e-postane og har dei same møta med folka som me i Arbeidarpartiet har, og der har me fått krystallklare beskjedar om kva som må til for at situasjonen skal snus, eller i i alle fall avhjelpast samanlikna med korleis den er no, seier Sund.