Hopp til innhold

Haugesund ber staten om krisehjelp

Den politiske og administrative leiinga i Haugesund kommune ber statsråd Anniken Hauglie om krisehjelp.

Haugesund rådhus

ROBEK KOMMUNE: Haugesund kommune, her representert med det rosa rådhuset, blei hardt råka av Terra-skandalen. I ettertid har dei vore ein såkalla Robek-kommune.

Foto: Odd Helge Liestøl

«Vi har i forbindelse med det som for oss er en oljekrise, kommet opp i en arbeidsledighet på over 6 prosent (6,3). Dette er blant de ti kommunene med høyest arbeidsledighet.»

Anniken Hauglie

Arbeidsminister Anniken Hauglie har ikkje motteke brevet, og kan derfor ikkje kommentera det på nåverande tidspunkt.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Dette er noko av det som står i brevet der ordførar Arne-Christian Mohn (Ap), assisterande rådmann Tore Haaland og varaordførar May Britt Vihovde (V) i Haugesund kommune, har sendt til arbeidsminister Anniken Hauglie (H).

I skuggen av Stavanger

Vihovde forklarar at dei føler at Haugesund har hamna litt i skuggen av Stavanger i oljekrisa.

– Me vil synleggjera at me treng hjelp. Me har sett at statsrådar har vore på besøk i Stavanger, og det er veldig bra, men me vil sei at me også har store utfordringar, seier ho.

Haugesund kommune er ein av kommunane som i 2007 blei råka av den såkalla Terra-saka, der åtte kommunar hamna i økonomisk uføre etter å ha investert pengar i meklarfirmaet Terra Securities, som seinare blei slått konkurs.

Og med eit akkumulert underskot på 163 millionar kroner, er framleis Haugesund kommune under administrasjon av staten. Dei er ein såkalla Robek-kommune.

May Britt Vihovde (V) og Arne Christian Mohn (Ap)

Varaordførar May Britt Vihovde (V) og Arne Christian Mohn (Ap).

Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK

Vil setja i gang vedlikehaldsprosjekt

Dei ber derfor staten om pengar til å starta opp ei rekke prosjekt, som vil generera arbeidskraft, og som vil gi byen eit etterlengta løft.

Dette handlar mellom anna om vedlikehald på fleire skular og nytt tak på Haugesund museum.

– Me treng draghjelp for å få opp sysselsetjinga, seier Vihovde.

Departementet har framleis ikkje motteke brevet, og har derfor ingen kommentar på nåverande tidspunkt.

Til Haugesunds Avis seier leiar av arbeids- og sosialkomiteen, Arve Kambe (H), at brevet vil bli teke på alvor.

– Dette vil bli behandla i revidert statsbudsjett. At kommunar ber om bistand er heilt vanleg. For å få til gode tiltak må me få inn forslag, seier han.