Hopp til innhold

Me har ete 43 millionar fleire egg under pandemien

TIME (NRK): Forbruket av egg har gått kraftig opp i koronaåret 2020. Norsk Fjørfelag jublar, og meir tid på kjøkkenet kan vere forklaringa.

Eggefrokost

I gjennomsnitt har kvar nordmann kjøpt åtte fleire egg i butikken i år enn i fjor.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

– Me har bakt mykje meir. I ei vanskeleg koronatid, har me søkt etter noko å kose oss med litt ekstra, som brownies, cookies og gjærbakst, seier råvareansvarleg i Matprat, Bjørn Tore Teigen.

Me har og brukt meir tid på å koke egg til frukost, og lage omelett til lunsj.

Bjørn Tore Teigen

Råvareansvarleg Bjørn Tore Teigen i Matprat.

Foto: Matprat

Fredag 9. oktober er verdas eggdag. Den blir markert i 80 land over heile verda.

Tal frå daglegvarehandelen, syner at butikkane i Noreg har seld 43 millionar fleire egg i år, samanlikna med i fjor. Ei utrekning NRK har gjort, syner at det er åtte fleire egg per innbyggjar.

Meir tid på kjøkenet til kvardags

– Folk har prioritert å ha frukostegget kvar dag, og ikkje berre i helgene, seier Tone Steinsland, som er nestleiar i Norsk Fjørfelag.

Tone Steinsland

Desse kyllingane på garden til nestleiar i Norges fjørfelag, Tone Steinsland, skal bli verpehøns.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

På garden hennar i Rogland, har dei eit rugeri for kyllingar som veks opp til å bli verpehøns. Alle verpehøns i heile Noreg blir klekka i Time kommune, og blir sende til eggprodusentar rundt om i landet.

– Eg synest det er stas å vere med å sikre det norske folk egg, og eg synest det er stas at egg står sentralt når folk skal kose seg.

Leiter etter oppskrifter

Matprat er eigd og drive av Opplysningskontoret for egg og kjøtt, og er ambassadør for råvarene frå norsk landbruk. Dei tilbyr ei stor samling av oppskrifter på nett.

– Me har ei eige nettside for barn «Matstart», denne hadde ei femdobling i bruk i april og mai. Skulane har gitt heimeoppgåver om å lage mat til familien som ein del av skuleopplegget, seier Teigen.

Attende til gamle vanar

Men om det auka eggsalet held fram, er ikkje sikkert.

Frokost med egg

Me har tatt oss meir tid til å koke egg til frukost.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

– Eg trur me kjem attende til gamle vanar, men nokon av de gode nye vanane blir med oss. Eg trur me kjem til å lage meir mat heime, for me har drive på med dette eit halvt år, og kjem til drive med dette ei stund til.

Og noko nytt har me lært, den mest leste artikkelen om egg på Matprat til no i år, er «Slik koker du egg»

Men verpehønsbonden trur ikkje dei må belaga seg på å auke produksjonen.

– Eg trur nok at i visse periodar under korona, har mange eggprodusentar ønskt at hønene la to egg til dagen, og ikkje berre eitt. Men me hugse at dette er ei midlertidig situasjon. Me står midt oppe i ei krise, men kvardagen vil bli normal igjen, seier Steinsland