Hopp til innhold

Politiet etterforskar trugslar mot Klepp-ordførar

Ane Mari Braut Nese får massiv støtte etter oppgjer med bompenge-motstandarar. På ein konferanse i dag sa ordføraren at ho frykta for livet.

Ane Mari Braut Nese

Dagen deretter: I dag stod Ane Mari Braut Nese på scena under konferansen: «Hold kjeft – dette må du tole!»

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det var ikkje godt planlagt, eg måtte berre få det ut.

Det var i går ho fortalde om vald og hets som ho og familien er blitt utsette for av bompenge-motstandarar.

– Det har gått hardt ut over ungane mine og familielivet, og det har gått hardt innpå meg. Når eg veit at folk kjem heim til meg og helst vil sjå meg død er det ikkje greitt, seier ordføraren frå scenen på ein konferanse om kvardagsdemokratiet, på Jæren i dag.

Klepp-ordførar Ane Mari Braut Nese fortel om trakassering.

På spørsmål om ho har frykta for livet svarer ordføraren:

– Ja, eg har lurt på kor langt folk vil gå.

Tett dialog med politiet

Ordføraren fortel om vaksne personar som legge igjen klistremerke i og på postkassen som eit teikn på at dei har vore heime hos ho.

Døme på hets

Politiet tok kontakt med personen som skreiv dette på Facebook. Samstundes oppfordra politiet sin nettpatrulje i eitt innlegg at folk må roa seg ned i kommentarfelta når bompengar er tema.

Foto: skjermdump / Facebook

– Det er vaksne som skriv til meg på Facebook, SMS, e-post og Messenger. Eg veit kven dei er. Eg har snakka med nokon av dei. Eg har forsøkt å komme i dialog. Men det kjem berre meir hets når eg forklarer saka.

Heilt sidan august i fjor har Braut hatt tett dialog med politiet.

– Målet med dialogen har vore å skapa tryggleik, og gje ordføraren råd og rettleiing når det gjeld trugsmåla ho har fått, seier politikontakt i Klepp kommune, Asgeir Jakobsen.

Kollasje2

«Gale kvinnemenneske», «hele damå er ein tragedie». Ordførar i Klepp, Ane Mari Braut Nese (H), viser fram eksempel på nokon av kommentarane ho har fått på Facebook.

Politiet har også gjort tiltak før kvart politisk møte der bompengar har vore tema. Dette for å unngå uønskte hendingar.

I tillegg etterforskar dei no éin person som har truga ordføraren via Facebook.

– Saka er hos juristen og det er han som skal vurdere om det blir tatt ut tiltale.

– Vanvitig mange meldingar

Etter at Braut tok eit kraftig oppgjer med bompenge-motstandarar. Har støtteerklæringar runne inn frå heile landet.

– Det blei seint i natt. Eg har fått vanvitig mange meldingar. Eg har ikkje tal på kor mange som har kontakta meg. Det er godt.

Ordføraren får også tverrpolitisk støtte.

– Dette er eit varsku for debatten i Noreg, når bompengebetaling er nok til å gå på barn. Me må få litt perspektiv på dei problemstillingane me har, seier kulturminister Trine Skei Grande (V).

Gråtkvalt Klepp-ordfører tok kraftig oppgjør med bom-aksjonister

Gråtkjøvd Klepp-ordførar tok kraftig oppgjer med bom-aksjonistar

Frp-leiar Siv Jensen synest det er hjarteskjerande å høyre om Neses erfaringar.

– Det er uakseptabelt og hjarteskjerande at nokon angrip nokon sin familie fordi dei ikkje deler same meining om politikk, seier Jensen.

Samferdselsminister Jon Georg Dale seier dette:

– Slike tilstandar skal me ikkje ha i Noreg. Det er ikkje saker som er store nok til å legitimere den type opplevingar. Alle i Noreg bør bli skåna for slik oppførsel, enten du er politikar eller ikkje. Det er uakseptabelt. Det trur eg eit samla politisk miljø i Noreg er einige om.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg