Hopp til innhold

Unge kvinner kjempar for at eit nei skal bety noko

Therese Sørenes meiner det er vanskeleg å bli trudd etter overgrep. Nå er ho ei av mange unge som fortel historia si på sosiale medium. – Ei samtykkelov må på plass nå, seier ho.

Therese Sørenes

Therese Sørenes er ein av mange som fortel om overgrep i sosiale medium. Ho meiner det har hjelpt henne. Katten Mowgli gir også trøyst i tunge stunder.

Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

– Det tok åtte år før eg torde å fortelje om overgrepa, seier ho.

Då melde Therese Sørenes til politiet det ho meiner var overgrep som starta på nettet. Ein gut fekk henne mellom anna til å filme seg sjølv utan klede medan han såg på.

Dette heldt på i fleire år.

– Seinare blei eg utsett for eit fysisk overgrep, seier Sørenes.

Det var skamma som gjorde at ho ikkje fortalde det til nokon.

– Det er den som drep deg. Sakte, men sikkert, seier Therese.

Saka til Therese blei lagd bort. Det blei også rundt 50 prosent av alle seksuallovbrot som vart melde i Noreg i 2021, viser tal frå SSB.

NRK har også nyleg fortalt historia om 15 år gamle Anna som melde fest-valdtekt til politiet.

Les også Anna (15) anmeldte voldtekt – klarer ikke gå på skolen

"Anna"

– Eg var berre 10 år. Der og då visste eg ikkje betre, seier Sørenes.

Ho har no blitt 20 år, og er brennande opptatt av at Noreg må få på plass ei lov om samtykke.

– Eg kjenner det skal så mykje til å bli trudd som offer. Det er så lite støtteapparat rundt offera, seier 20-åringen.

Ho blei inspirert til å legge ut delar av historia si etter at ho såg Instagram-kontoen «1000 historier».

«1000 historier» – om overgrep

Seks yngre kvinner står bak kontoen. Her kan folk anonymt fortelje kva overgrep dei er utsette for. Og historiene som har komme inn, er mange.

«Eg trudde han kom til å drepe meg».

«Eg blei valdteken av ein overordna i militæret».

1000historier (skjermbilde)

Nokre av historiene som er fortalde på Instagram-kontoen «1000 historier»

Foto: Skjermbilde

Natalina Heia er utdanna jurist og ei av kvinnene bak Instagram-kontoen.

– Det er forferdeleg å sjå at det finst så mange historier om overgrep. Det er hovudsakleg mot unge kvinner. Og det beviser jo at rettssystemet ikkje fungerer for desse kvinnene, seier Heia.

Kontoen blei starta etter at ei av dei seks kvinnene la ut ein post på Instagram. Ho kjende seg ikkje trudd av politiet etter ho blei slått ned.

I etterkant rann det inn med liknande historier. Overgrepssaker som vart lagde bort på grunn av manglande bevis. Det var då kampanjen starta for å få på plass ei samtykkelov i Noreg.

– Det er ikkje sånn at ein skal krevje av kvinner at dei skal gå rundt og gi tydelege signal om at dei ikkje ønskjer å bli valdtekne. Men vi skal krevje av utøvaren at vedkommande ikkje skal valdta, meiner juristen.

Samtykkelov – på tide

I dag finst inga såkalla samtykkelov i Noreg. Men regjeringa har sendt eit lovforslag ut på høyring. Tolv andre europeiske land her allereie innført ei slik lov.

– Det er på tide, meiner Natalina Heia.

Natalina Heia

Natalina Heia er utdanna jurist og overraska over alle overgrepshistoriene unge kvinner fortel.

Foto: Privat

Forslaget er sendt ut til ei lang rekkje med høyringsinstansar (ekstern lenkje).

– Det synest eg er fint. Jo breiare avgjerdsgrunnlag ein får, jo betre trur eg ei lovføresegn kan bli, seier Heia.

Ho meiner det er eit samfunnsproblem som gjeld veldig mange.

Seksuell omgang skal alltid vere frivillig. Dette er bakgrunnen for at regjeringa i Hurdalsplattforma har varsla ei samtykkelov. Regjeringa starta arbeidet med å greie ut lova så fort vi kom inn i regjering hausten 2021, skriv statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Hans-Petter Aasen (Sp), i ein e-post til NRK.

Pressebilde av statssekretær Hans-Petter Aasen (Sp).

Statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Hans-Petter Aasen (Sp)

Foto: Justis- og beredskapsdepartementet

Regjeringa vil legge fram forslaget vårt om endring i straffelova om valdtekt når vi har vurdert høyringsinnspela. Dette arbeidet har prioritet, legg Aasen til.

Kvinnene bak «1000 historier» trur mange av dei som har fortalt historiene sine, synest det har vore godt å fortelje.

Det synest også Therese Sørenes.

– Eg kjenner eg kan bidra til noko godt ved å fortelje historia mi. I staden for å berre sitje igjen åleine med det vonde eg har hatt.