Man tiltalt for hundeovergrep

Mannen i 40-åra frå Haugesund som var tiltalt for jamlege og hyppige seksuelle overgrep på om lag 40 hundar i fleire år forklarte seg i retten i dag. Han erklærte seg skuldig på alle tiltalepunkt.

– Han har erkjent straffskuld i samsvar med tiltalen, seier forsvarar Sverre Hetland til NRK. Det er sett av fire dagar til rettssaka i Haugaland og Sunnhordland tingrett.