NRK Meny
Normal

Forskar på urbane måker

Gjennom eit stort forskningsprosjekt vil ekspertar finna ut kvifor måkane vender nebbet mot byen.

måker

Alf Tore Mjøs lokker måkane med mat for å fange og merka dei.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Stadig fleire måker forlèt sjø og kyst til fordel for bylivet. Det er ikkje berre freistande burgerrestar og glinsande biltak som er grunnen til dette, ifølge Alf Tore Mjøs, som er biolog og fuglefanger ved Museum Stavanger.

Alf Tore Mjøs

Mjøs håper på håper på ny innsikt i måkane sine liv.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Me ønsker å vite meir om kva ressursar det er som trekk måkane til byen. Det er ikkje lenger bare maten, nå har dei òg byrja å hekka i bynære strøk som hustak og forlatte industriområder, fortel Mjøs.

Ei nøyaktig kartleggjing av bymåkane sine liv og fluktmønster skal gje svar på spørsmål rundt endringane i naturen. For medan det blir stadig fleire måkar i byane, blir det færre på landsplan.

Merker måkane med koder

Forskerane veit for lite om korleis måkene lever, om helsa og konsekvensane av at fuglane blir meir urbane.

måkemerking

Måka blir merka med ring rundt foten. Denne har ein kode, som skal brukast til registrering.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Dei skal læra meir om dette gjennom merking av fuglane, og overvaking av adferdsmønster.

Stavanger, Oslo, Bergen og fleire norske byar er med i forskningsprosjektet, og dei ønsker seg hjelp av publikum.

– Me vil gjerne ha hjelp. Dei store ringane me festar på måkane kan lesast med kikert. Og om ein har eit kamera med ei lita telelinse på, som klarer å ta bilete av fuglen, så kan ein logga seg på nettsia ringmerking.no, oppretta brukar og leggja inn registreringa.

Dei som gjer dette får vite kvar fuglen har blitt merka, sjå stader han har vore observert tidlegare, og følga han vidare, forklarer Mjøs.

Natur i endring

– Dei skit på bilar, hus og fasader. Mange blir nok frustrerte, og det er ikkje bare greit å enda opp med ein måkekoloni på taket. Dei bråker og det kan nok gå ut over nattesøvnen, erkjenner forskaren, som understreker at det er viktig å vite korleis ein best kan fortvalte fuglebestanden.

Vitnar dette om natur i ubalanse?

måker

Urbane måker som leitar etter snadder.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– I alle fall natur i endring. måker er svært tilpasningsdyktige, og går etter ressusar der dei finst.

Mjøs greier ut grunnar som endringar opprinnelege hekkeområde, utbyggjing i strandsoner, og båttraffikk som eksempel på grunnar til at fleire vender nebbet mot byen.

– Dette er ein forvaltningsmessig utfordring, me skal jo ta vare på fuglane rundt oss.