Hopp til innhold

Frå tysdag bør du bruke munnbind på Nord-Jæren

STAVANGER (NRK): Tar du buss, båt eller tog, så tilrår dei lokale koronareglane på Nord-Jæren at du skal bruke munnbind. Fleire lokale koronatiltak blei vedtekne måndag.

Kolumbus busser i Stavanger sentrum

Helst vil politikarane at du skal unngå buss og tog, men om du må så bør du bruka munnbind.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– For oss er det utruleg viktig at me nå gjer det me kan for å unngå at me kjem i ein situasjon som dei har Oslo og Bergen, der dei har vore nøydde til å gå til ei ganske radikal nedstenging. Me har framleis moglegheit til å snu utviklinga, seier ordførar i Stavanger, Kari Nessa Nordtun (Ap).

Måndag vedtok formannskapet i Stavanger å innføra nye lokale koronatiltak. Også kommunane Randaberg, Sandnes og Sola har slutta seg til den lokale forskrifta som skal gjelda for heile Nord-Jæren.

Av den går det fram at politikarane ber folk om å avgrensa bruken av kollektivtrafikk dei komande vekene. Men dersom det er nødvendig, så er tilrådinga klår: Bruk munnbind.

Det same gjeld når pårørande skal på besøk på sjukeheimar og andre institusjonar.

– Eg håpar at folk følgjer tilrådingane som om det var eit påbod, seier Nordtun.

Lervig sykehjem på Storhaug i Stavanger

Pårørande til pasientar på sjukeheimar bør bruke munnbind når dei er på besøk.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Mindre idrett

Breiddeidrett og fritidsaktivitet for vaksne blir forbode i grupper på fleire enn 10 personar. Forbodet gjeld også for grupper på mindre enn 10 personar, dersom det ikkje er mogleg å halda ein meters avstand.

Dersom folk er med på arrangement eller andre samlingar med meir enn 20 personar, har dei plikt til å registrere seg. På det viset blir smittesporinga enklare.

Den same registreringsplikta gjeld på utestader og serveringsstader.

Dersom ein skal gjennomføra eit arrangement med 20 personar eller fleire, må det registrerast på kommunen sine nettsider.

Til sist tilrår politikarane i kommunane på Nord-Jæren at så mange som mogeleg nyttar heimekontor i tida framover.

Inga endring i skulen

Kommuneoverlegane på Nord-Jæren anbefalte i førre veke også at dei vidaregåande skulane burde gå frå gult til raudt nivå. Men det er ikkje blant tiltaka som politikarane vil innføra nå.

– Det er ei klar melding frå Helsedirektoratet, Utdanningsdirektoratet og FHI om at raudt nivå i den vidaregåande skulen ikkje skal brukast som eit førebyggjande tiltak. Det kom i helga, skriv fylkesordførar i Rogaland, Marianne Chesak i ei melding til NRK.

Ikkje så strengt som i Bergen og Oslo

I eit møte mellom ordførarane i Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg på søndag kveld, blei dei samde om at treningssenter, symjebasseng og kinoar kan fortsetja å ha ope.

– Me vurderer heile tida strengare reglar for å få bukt med koronasmitten på Nord-Jæren, men førebels let me desse få fortsetja drifta, seier Nordtun.

Stavanger-ordfører Kari Nessa Nordtun (Ap)

Stavanger-ordførar Kari Nessa Nordtun ber innbyggjarane på Nord-Jæren om å stille opp på dugnad mot smittespreiing

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Ho ber innbyggjarane i Stavanger om gjera som dei gjorde i mars.

– Då støtta alle opp om dugnaden, og då blei smitten nedkjempa i løpet av ganske kort tid, seier ordføraren.

Skummel utvikling

Smitten blant innbyggjarane på Nord-Jæren gjekk opp frå 27 smitta til 70 pr. 100 000 menneske. Det skjedde på fem dagar frå måndag til fredag i sist veke.

Det er denne stigningstakten som må endrast og som er årsaka til at dei fire kommunane innfører felles lokale koronareglar for alle sine om lag 250 000 innbyggjarar.

Reglane skal gjelde frå tysdag morgon og fram til 7. desember.

Flere nyheter fra Rogaland