– Eg trudde at Støre hadde såpass kontroll på partiet at han kunne ha hindra eit slikt vedtak, seier Helge Larsen, sekretær i Fellesforbundet Rogaland.
Helge Larsen vil ikkje lengre vera Ap-medlem.
Foto: Arne Gunnar Olsen / NRKHan er mangeårig tillitsvald i Fellesforbundet, har vore oljearbeidar og Ap-medlem i heile sitt vaksne liv. No melder haugesundaren seg ut av partiet, etter Ap sitt landsmøtevedtak om ikkje å konsekvensutgreie Lofoten, Vesterålen og Senja.
Han meiner det er eit stort svik mot oljearbeidarane å gjera eit slikt vedtak rett før eit val, og seier at Ap si partileiing har feila stort i denne saka.
– Dei trakkar på ei næring som har lege nede fleire år nå, men som verkeleg har vist kor viktig den er for Noreg og spesielt for Vestlandet i denne perioden, seier Larsen.
Endring midt i perioden
Helge Larsen presiserer at han respekterer den innsatsen som spesielt AUF har stått for, for å få endra kompromissvedtaket frå to år sidan.
Leverandørindustrien er avhengig av nye utbyggingsprosjekt for å få nok arbeid. Her frå Rosenberg Verft på Buøy utanfor Stavanger.
Foto: Odd Rune KyllingstadDet han derimot ikkje kan forstå er at det nå, midtvegs i stortingsperioden, skal koma eit nytt vedtak, som går på tvers av det gamle.
– Det er ei hån mot oss i olje -og leverandørindustrien, og min reaksjon er å melde meg ut av Ap, slår Larsen fast.
– Er det fleire du kjenner som slår følge med deg?
– Eg trur at det blir fleire i Fellesforbundet som kjem til å gjera det same, men truleg treng dei helga til å diskutere det med andre, før dei gir beskjed, seier Larsen.
Fleire melder seg ut
I Kristiansund sit Atle Kvammen. Også han har jobba i Nordsjøen i mange år. No gir han opp. Han har allereie meldt seg ut av Arbeidarpartiet.
– Det er heilt på trynet. Eg kan ikkje vere medlem i eit parti som legg ned arbeidsplassen min, seier Kvammen.
No vurderer han å melde seg ut av LO, og gå over til Safe.
– Det finst alternativ for oss som jobbar i oljen og gå over til Safe, som ikkje støttar Ap i det heile. Norsk olje og gass er rein, skal vi begynne med kol i staden, spør Kvammen retorisk.
Får støtte frå Høgre
Stortingsrepresentant for partiet Høgre frå Rogaland, Aleksander Stokkebø, er også ein skuffa mann i dag.
Han viser til at Ap og Høgre har stått saman for oljearbeidarane og fagrørsla i 40 år, for å sikre at dei har trygge vilkår for industrien sin.
Aleksander Stokkebø, stortingsrepresentant for Høgre frå Rogaland, meiner at Ap-vedtaket vil gå ut over mange oljearbeidarar.
Foto: Harald Ellingsen– Når Ap nå endrar sitt tidlegare vedtak, blir det truleg umogeleg å skaffa fleirtal for ei konsekvensutgreiing i Lofoten, Vesterålen og Senja, seier Stokkebø.
Stokkebø vedgår at det uansett ikkje hadde blitt gjort noko i området i denne stortingsperioden. Det har Venstre og KrF hindra i regjeringsforhandlingane.
Men han tykkjer likevel det er underleg at ikkje Ap tar større omsyn til dei om lag 200 000 som jobbar i tilknyting til oljeindustrien i Noreg.
Fryktar for oppslutninga til Ap
Leiaren i Industri energi, Frode Alfheim, er både skuffa og forbanna etter dagens vedtak på landsmøtet til Ap. Likevel håpar han medlemmane blir i fagforeininga.
– Eg trur dette vedtaket vil bli møtt med liten forståing hos mine medlemmar, seier Alfheim.
Han vil ikkje spekulere i om dette vil føre til at nokon melder seg ut, men er spent.
– Eg håpar verkeleg ikkje at folk vil melde seg ut. Eg ser at enkelte vil melde seg ut, men det Ap fyrst og fremst bør frykte er oppslutning ved val, seier Alfheim.
Han meiner Ap vil slite i heile landet, men ber skuffa medlemmar besinne seg.
– Saka som blei vedtatt i dag, uansett kor dumt det er, er ei sak som i praksis ikkje betyr noko som helst, seier Alfheim og viser til at Høgre og Frp har forhandla med Venstre og KrF om saka.