Hopp til innhold

– Han ville ikkje ha Birkedal kasta

Ifølgje leiar i FpU, Ove Vanebo, ville den fornærma i overgrepssaka mot Trond Birkedal verken gå til politiet med skuldingane, eller ha Trond Birkedal kasta. Sjølv nektar fornærma for å ha vore i dialog med Vanebo.

Ove Vanebo

Leiar i FpU, Ove Vanebo, fortalte i retten i dag at han gjekk vidare til dåverande generalsekretær i Frp, Geir Mo, etter han fekk kjennskap til rykta som gjekk om Trond Birkedal.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Måten ungdomspartiet FpU og moderpartiet deira Framstegspartiet har handsama Birkedal-saka var tema i Stavanger tingrett i dag.

– Då fornærma fortalte meg om overgrepet frå Trond Birkedal, blei eg veldig overraska. Eg sa at dette er så alvorleg at det må meldast til politiet, sa Ove Vanebo i retten i dag.

– Han ville me skulle ta det opp med Trond

Det var i sommaren 2009 Vanebo skal ha fått kjennskap til det påståtte overgrepet. Vanebo hevda i retten at fornærma ikkje ønskja ein reaksjon:

– Eg spurde kva han ville gjera, om han ville gå til politiet eller om han ville ha Birkedal kasta. Han ville ingenting av dette, han ville berre at me skulle ta det opp med Trond Birkedal og seia at han ikkje kunne gjera slikt, sa Vanebo.

Vanebo skal så ha tatt kontakt med Birkedal og avtalt eit møte.

– Eg konfronterte han med påstandane. Trond sa at eg måtte ha i bakhovudet at fornærma hadde vore psykisk ustabil lenge. Han viste meg også ein blogg der fornærma hadde skrive mykje rart, fortalte Vanebo.

Vanebo fortalte vidare at han valde å gå til den dåverande generalsekretæren i partiet, Geir Mo, med skuldingane.

Geir Mo

Geir Mo meiner at partiet handsama saka på ein fornuftig måte i forhold til det dåverande regelverket.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Nektar for kontakt med partiet

– Det første han seier er at det er veldig alvorleg, og at me må finne ut kva som har skjedd. Slik eg hugsar det vidare skaffa Birkedal seg ein advokat, men fornærma ville ikkje melda saka. Dermed blei det vanskeleg for partiet å gjera meir, sa Vanebo.

Etter dette har praksisen i partiet blitt endra seier Vanebo til NRK.no i ein pause:

– Du valde å ikkje gå til politiet trass at det var ein mindreårig, ville du gjort det same i dag?

– Det ville me nok ikkje. I dag ville me i alle fall tatt kontakt med foreldra, og kanskje også politiet. Men på det dåverande tidspunkt var ikkje dette praksis.

Ifølgje fornærma som forklarte seg i retten i går, har han aldri høyrt noko frå partiet etter han høyrde om saka. Då Vanebo blei konfrontert med dette frå Birkedal sin forsvarar Arvid Sjødin sa han følgjande:

– Javel, det var overraskande. Det stemmer ikkje. Me har vore i kontakt fleire gonger om dette.

Tidlegare generalsekretær forklarte seg

Geir Mo fortalte at han hadde handla etter det dåverande regelverket til Frp. Sjølv var han ikkje i kontakt med fornærma. Dei delte oppgåvene slik at Mo skulle ha kontakt med Birkedal, og Vanebo skulle ha kontakt med fornærma.

– Me tilrådde fornærma å melda saka til partiet, men det ville han ikkje. Då måtte han slutta å spreia rykte, seier Mo til NRK.no.

– Burde de ha handsama saka annleis, med tanke på at dette var ein mindreårig?

– Det ville me gjort i dag, sidan me har endra regelverket. Nå skal me melda det inn til føresette og/eller politiet. Men me handla ut frå regelverket.

– Men det er vel lov å visa skjønn?

Ja, men me valde å handsama saka etter regelverket, seier Mo til NRK.no.