Hopp til innhold

Her tek han imot det historiske Viking-graset

Dei unge supporterane ville helst møte Viking-spelarar, men måtte ta til takke med seg ein bit av det historiske graset på stadion.

Dei unge supporterane ville helst møte Viking-spelarar, men måtte ta til takke med seg ein bit av det historiske graset på stadion.

VIDEO: Denne Viking-supporteren vil finne ein skikkelig heidersplass til graset. Det var det mange som ville. Foto: Kristoffer Møllevik/NRK

– Kan eg få møte Berisha?, spurde ein ung gut, som gjekk ned på banen etter kampen mot Strømsgodset fredag.

Men det var altså ikkje for å treffe Viking-spelar Veton Berisha at dei fekk entre banen. Viking hadde på førehand varsla at grasmatta skulle rivast etter kampen , og at dei som ville kunne få med seg ein bit.

Nær 500 ville ha gras

– Dei skulle få eit siste minne av den flotte Viking-matta, seier banemeister Ivar Alstadsæther.

Kjell Jonevret

Kjell Jonevret ser fram til å få nytt gras på stadion.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Og det var mange som ville nytte sjansen til å sikre seg dette minnet. Nær 500 supporterar stilte seg i kø. Graset på Viking stadion er faktisk ein snakkis, skal me tru banemeisteren.

– Me merkar at det er mange meiningar og tilbakemeldingar om graset. Det er mange som har eit forhold til denne matta, seier Alstadsæther.

– Kan ikkje skulda på grasmatta

Grasmatta på stadion har låge der i ti år, og har ikkje alltid gjort Viking til eit topplag. Fredag spelte laget uavgjort mot Strømsgodset , eit lag mange hadde venta at dei ville slå.

– Me kan vel ikkje skulda på grasmatta for at me spelte uavgjort, men det er bra at dei legg nytt, seier Viking-trenar Kjell Jonevret.

– Samstundes har Viking tapt svært få kampar på heimebane dei siste åra, så noko godt har det ført med seg, påpeiker Alstadsæther.

Laurdag starta jobben med å høvle banen for det graset som blei liggande igjen.