Hopp til innhold

Dette historiske graset kan bli ditt

Grasmatta på Viking stadion skal skiftast ut, og etter kveldens kamp mot Strømsgodset er publikum invitert til å ta med seg delar av graset heim.

Viking stadion

VIKING STADION: Den ti år gamle grasmatta skal skiftast ut.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Grasmatta på stadion har låge der i ti år, og den har gjort sin jobb. Så i kveld blir publikum invitert til å ta med seg eit lite stykke historie heim, seier kommunikasjonssjef i Viking FK, Ole Johan Askeland.

Etter kampen mot Strømsgodset i kveld blir Viking-publikumet oppfordra til å møte opp ved maratonporten, den som ligg på austsida av stadion mot Gandsfjorden. Frå klokka 21 vert portane opna inn på bana for publikum.

– Berre ein liten bete

– Folk må gjerne ta med seg ein berepose, men dei treng ikkje å ta med eigne gravereiskap. Det holder me, seier Askeland.

Sjølve gravinga tek Viking sine mannskap seg av, slik at graset vert fjerna i same høgde over alt.

Publikum får berre love til å ta med seg ein liten bete, så målet er ikkje å bli kvitt heile den 10 000 kvadratmeter store grasmatta.

Ny grasmatte snart klar

– Dette er meir ei symbolsk handling. Me vil gje publikum moglegheita til å ta med seg ein liten bit av Viking-historia, som dei anten kan ha i hagen, eller i stova, for den saks skuld, seier Askeland.

– Det er altså ikkje eit høve til å legge nytt gras heime, men heller eit høve til å skaffe seg eit spesielt stykke natur, seier Askeland.

Laurdag morgon rykker traktorar inn på stadion og fullfører jobben. Ny grasmatte skal stå klar før neste heimekamp mot Haugesund 21. april.