Hopp til innhold

Viking nærast i mållaus batalje

Ei langt frå perfekt grasmatte hindra vakker fotball - i ein kamp der Viking var nærast tre poeng. – Vi har sleppt inn mange mål i det siste, så vi tok forholdsreglar, sa Ronny Deila etter kampen.

Jonevret og Nisja

Kjell Jonevret og Vidar Nisja var ikkje heilt fornøgde med poengdeling fredag kveld. Her like etter kampslutt i Stavanger.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Strømsgodset-trenaren var svært godt fornøgd med 0–0 og eitt poeng med seg heim frå Viking Stadion.

– Viking er eit hakk betre og har fleire sjansar, men vi kom hit for å forsvare oss på ein god måte, sa Deila direkte på TV 2 etter kampen.

Han var klar på at dei tok sine forholdsreglar. Mange baklengs og ei visse om dårleg grasmatte i Stavanger, gjorde at ein defensiv kampplan var lagt opp.

– Vi har heller ikkje for å vane å ta poeng her, så vi er fornøgde med eitt poeng. slo Godset-trenaren fast.

For det var heimelaget som kom nærast i kampen der ballen rett og slett ikkje ville i mål.

Kwarasey hindra islandsk scoring

Frå kampstart viste derimot begge lag at dei gjekk for tre poeng. Laga var offensive, men ei grasmatte nettopp ute av vinterdvalen sette ein stoppar for det gode pasningsspelet.

Sjansane uteblei òg ei god stund, men så losna det for heimelaget. Etter 27 minutt kom den første store moglegheita.

Trond Erik Bertelsen blei spelt fri på kanten og fekk slått inn. Framfor mål fekk Veton Berisha avslutte, men ballen sklei like utanfor stolpen.

Strømsgodset kom berre til halvsjansar og begge lag prøvde seg frå distanse. Men så burde det plutseleg stått 1–0.

Yann-Erik de Lanley vann ballen høgt og spelte kjapt opp til Steinthór Thorsteinsson. Frå skrått hald fekk islendingen avslutte uforstyrra, men ei glimrande redning frå Adam Larsen Kwarasey hindra scoring.

Viking mot Strømsgodset

Det blei mange tøffe duellar på midten då Strømsgodset gjesta Viking i Stavanger, men scoringane kom aldri.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

– Ingen av laga var gode

Trass i to sjansar litt uti første omgang var Viking-trenar Kjell Jonevret langt frå fornøgd.

– Ein dårleg fotballkamp. Det var lite å glede seg over i første omgang, ingen av laga var gode, meinte Jonevret til TV 2.

Svensken var langt meir fornøgd med det spelarane fekk til i andre omgang.

– Det måtte bere eller breste, og då blei det betre. Vi må halde fram slik og tørre framover.

Alltid to centimeter unna

Like etter pause var Berisha nære igjen etter innlegg frå de Lanley, men ei lang tå frå Godset-forsvaret gjorde at det berre blei corner.

Etter 51 minutt var Thomas Sørum nære for Strømsgodset, men igjen var det nokre centimeter mellom scoring og ikkje scoring.

Utover i kampen var det Viking som tok mest tak i kampen. Etter 53 minutt var Kwarasey på plass då Björn Daniel Sverrisson prøvde seg frå distanse.

Mot slutten av kampen skulle Viking skulle kanskje hatt straffe. I tillegg burde både Strømsgodset og heimelaget scora på overtid. Men scoringa kom aldri.

– Vi var nærast, det var vi. Vi skaper sjansar og med litt hell hadde vi fått ballen i mål, men eg vil ikkje ligge oppe og grine i natt, konkluderte Viking-trenar Jonevret om poengdelinga.

Eitt poeng til kvart lag gjer at Strømsgodset tek ein førebels tabelltopp med fire poeng, medan Viking er oppe i to poeng.

Deila: – Heilt annleis heime

Strømsgodset-keeper Adam Larsen Kwarasey var viktig for bortelaget med fleire gode redningar. Sjølv meiner han Viking ikkje var nære.

– Dei har lyst å vinne og trykker på mot slutten. Dei skaper farlegheiter, men det er ikkje all verda, sa keeperen til TV 2.

Han er klar på at eitt poeng er svært godkjent i Stavanger – spesielt med mange mann skadde.

– Eg er imponert over eitt poeng her med så mange i backrekka ute.

Det same trekte trenar Ronny Deila fram.

– Vi har bytta ut store delar av laget frå i fjor. I tillegg har vi tre sentrale spelarar ute, så eg er stolt av forsvaret i dag. No tek vi med oss dette vidare, og det blir ein heilt annan fotballkamp heime mot Aalesund i neste runde.

Siste nytt

  • Klopp om mulig arvtager: – Høres veldig bra ut

    Jürgen Klopp uttaler seg veldig positvt om Arne Slot, som er i detaljer om å bli Liverpools nye manager.

    Tidligere denne uken tok klubbens jakt på Klopps erstatter en klar vending. Slot ble pekt ut som favoritt, og torsdag bekreftet Feyenoord-treneren at han er i samtaler med Liverpool.

    På fredagens pressekonferanse fikk Klopp spørsmål om nederlenderen, og sa at han liker mye ved det.

    – Jeg er ikke involvert i prosessen, men jeg liker måten laget hans spiller på. En god trener og en fin fyr. Hvis han er mannen, så blir jeg mer enn fornøyd, sier Klopp.

    – Det er ikke opp til meg å bestemme, men det høres veldig bra ut, forsetter den avtroppende Liverpool-manageren. (NTB)

    Jürgen Klopp
    Foto: Andrew Boyers / Reuters
  • Rubiales' etterfølger er klar

    Pedro Rocha ble fredag valgt til ny president i Det spanske fotballforbundet (RFEF), og tar med det over etter skandalepresident Luis Rubiales.

    Forbundet bekrefter ansettelsen på sine hjemmesider fredag.

    «Pedro Rocha har i dag blitt utropt til ny president i Det kongelige spanske fotballforbundet, etter å ha mottatt støtte fra flertallet av forsamlingsmedlemmene», heter det i meldingen.

    Rocha har sittet som midlertidig forbundspresident etter at Luis Rubiales trakk seg fra presidentvervet i september.

    Det har stormet rundt RFEF siden Rubiales kysset Jenni Hermoso på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Kysset førte til at Rubiales måtte trekke seg fra vervet.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon.

    Torsdag ble det kjent at forbundet har havnet under lupen til den spanske regjeringen. Forbundet skal derfor «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD) de neste månedene. (NTB)

    Pedro Rocha
    Foto: THOMAS COEX / AFP
  • Brasil-legende Marta varsler landslagsstopp

    Marta avslutter landslagskarrieren i fotball etter årets kamper. Hun er Brasils mestscorende spiller uansett kjønn.

    Brasil-avgangen kommer fram i et intervju Marta har gitt til CNN. I sommer kan hun få sin sjette OL-deltakelse.

    – Hvis jeg er med til OL, skal jeg nyte hvert øyeblikk. For uansett om jeg drar dit eller ikke, er dette mitt siste år på landslaget. Det vil ikke være mer Marta som landslagsspiller i 2025, sier 38-åringen.

    Hun var med på å ta OL-sølv i 2004 og 2008. Brasil tapte begge finalene for USA. I VM har hun også et sølv etter finaletapet mot Tyskland i 2007.

    Marta har scoret 116 mål på 175 landskamper siden debuten i 2002. På herresiden er Neymar mestscorende for Brasil med 79 nettkjenninger.

    I VM topper Marta også lista som tidenes toppscorer uansett kjønn. Fasiten stoppet på 17 mål fra 23 kamper etter fjorårets exit i gruppespillet. (NTB)

    Marta under fotball-VM 2023
    Foto: Aisha Schulz / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal