Hopp til innhold

Så mykje meir får Torunn i lønn ved å byte jobb

Lærarar som har jobba på same stad i over to år, kan få meir lønn dersom dei byter arbeidsplass. Det er på grunn av ein ny ansiennitet-regel.

Lærer Torunn Birkeland

To strekar under svaret. 110.000 kroner meir i årslønn får Torunn av å begynne i jobb på ein ny skole. Dette er på grunn av nye ansiennitetsreglar i læraryrket.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

– Eg får 110.000 kroner meir i året berre ved å byte arbeidsplass, seier Torunn Birkeland.

Lærarar kan få ei mykje høgare lønn om dei nå byter jobb.

Tidlegare talde ikkje yrkeserfaring frå privat verksemd, så sant det ikkje hadde vore arbeid som var relevant for ei lærarstilling.

Men etter lønnsoppgjeret i 2022 mellom KS og lærarorganisasjonane blei det bestemt at all yrkesrøynsle skal gi ansiennitet.

Dette gjeld ikkje dei som har jobba på same arbeidsplass sidan lova tredde i kraft.

Dette vil altså seie at lærarar må byte arbeidsplass eller arbeidsgivar for å få ein ny gjennomgang av ansienniteten.

Jobba i butikk som student

Det er denne situasjonen Birkeland står i. Ho har i to og eit halvt år jobba på Lundehaugen ungdomsskole i Sandnes.

Arbeidserfaringa frå tida før ho blei lærar vil altså komme godt med om ho byter jobb.

Nå har ho fått jobb på ein annan skole.

– Eg får godkjent alle dei åra eg jobba i butikk som student.

Lærer Torunn Birkeland

Det er ikkje snakk om lite pengar lærarane kan få dersom dei byter jobb.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Meiner kommunane må gjere noko

Elin Djuve er leiar i Utdanningsforbundet Rogaland. Ho seier det er ein auke av lærarar som nå søker seg til andre skolar.

– Det kan vere snakk om mykje pengar, og det er det ikkje mange som ville sagt nei takk til, seier ho.

Djuve meiner kommunane burde vurdere å auke lønna til lærarar i takt med opptent ansiennitet, slik at dei slepp å byte jobb.

– Vi meiner at kommunane bør vurdere ansienniteten på ny. Samtidig så ser vi at det er utfordrande.

Elin Djuve

Elin Djuve er leiar i Utdanningsforbundet i Rogaland.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Kostbart for kommunane

For det kostar nemleg mykje pengar. Spesielt i store kommunar som Sandnes.

– Viss vi i Sandnes skulle gitt alle lærarar ny ansiennitetsberekning, så ville det koste kommunen 50 millionar kroner, seier skolesjef i Sandnes, Hege Røen.

– Derfor held vi oss til hovudtariffavtalen og den avtalen som alle er einige om, seier ho.

Det betyr at lærarane må få ny jobb på ein annan skole for å få meir lønn.

Skolesjef i Sandnes kommune, Hege Egaas Røen

Skolesjef Hege Røen i Sandnes kommune.

Foto: Elise Pedersen / NRK

Geir Røsvoll er leiar i Utdanningsforbundet. Han meiner kommunar enkelt kan unngå problematikken ved at lærarar bytter jobb.

Avtaleverket opnar for å gje lønnstillegg for å behalde arbeidskraft, og mange kommunar har gjort dette for å behalde kompetansen i kommunen, seier han.

Røsvoll påpeiker at den nye ansiennitetsregelen er ein bra og viktig betring av avtaleverket.

– Sjølvsagt skal tilsette lønnes etter den ansienniteten dei reint faktisk har, seier han.

Geir Røsvoll

Leiar i Utdanningsforbundet, Geir Røsvoll. Utdanningsforbundet er kjend med at nokre lærarar vil bytte jobb for å få mer lønn.

Foto: Stig Weston / Utdanningsforbundet

– Ikkje intensjonen med ordninga

Frode Ingvaldstad er seniorrådgivar i Kommunesektorens Organisasjon (KS) Vest-Noreg. Han seier den nye ordninga er eit godt rekrutteringstiltak.

– Målgruppa er unge nyutdanna som kommunane ønsker å rekruttere. For å gi kommunane litt hjelp så får dei altså ansiennitet frå tidlegare jobbar, seier han.

  • For å få fleire til å bli lærarar har Lånekassen gjort det mogleg for lærarstudentar å få sletta opp mot 361.000 kroner av studielånet. Les meir om det her.

Det at lærarar byter jobb for å få meir lønn seier han ikkje var intensjonen med ordninga.

Men han forstår likevel at lærarar vil byte jobb for å tene meir pengar.

– Alt dette har blitt diskutert og vurdert. Dette har skapt ein del utfordringar for kommunane, så vi får sjå om det skjer nokre justeringar, seier Ingvaldstad.

Frode Ingvaldstad, KS

Leiar i KS Vest-Noreg, Frode Ingvaldstad. Han seier det ikkje var intensjonen med den nye ordninga at lærarar skulle byte jobb.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

Ikkje lett å byte jobb

Lærer Birkeland bytte jobb med tungt hjarte. Ho hadde eigentleg ingen planar om å skifte arbeidsplass.

– Eg trivst utruleg godt her, men eg fann jo ut at det faktisk var ein fordel å byte, seier ho.

Ho fekk eit jobbtilbod på ein skole som er nærare bustaden hennar.

Ho får altså ein kortare veg til jobb og 110.000 kroner meir i årslønn.

Da blei valet litt mindre vanskeleg.

Birkeland seier det er trist at mange lærarar nå gjer som henne. Det er elevane det går ut over.

– Det er spesielt synd for dei elevane som er i barneskulen. Dei mistar ein lærar som elevane har lyst til skal fortsette. Elevane har rett på ei føreseielegheit om at lærarane skal følge dei over fleire åra, seier ho.