Hopp til innhold

Lærarstudentar kan få sletta 361.000 kroner av studielånet

I eit forsøk på å få fleire inn på lærarskulen, kan Lånekassen freiste med sletting av studiegjeld. – Genialt, seier student Magnhild Ege (21).

F.v. Marlen Woer Pedersen, Helene Lode Rage, Magnhild Ege, Marius Østbø, Eyob Kassaye og Hans Sørbø.

Nokre av desse lærarstudentane hadde ikkje fått med seg at det var mogleg for dei å slette delar av studielånet. Marlen Woer Pedersen (til venstre), Helene Lode Rage, Magnhild Ege, Marius Østbø, Eyob Kassaye og Hans Sørbø (til høgre).

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

Ei tid mange unge synest er tøff, nærmar seg.

Søknadsfristen for høgare utdanning er i år den 15. april.

Det er godt kjent at Noreg treng fleire lærarar. Med stadig færre søkarar og fleire som droppar ut har det no blitt gjort grep for å få fleire inn på lærarskulen.

Les også Lærerstudent Marthe (20) skjønner at unge skygger unna lærerutdanningen

Studentflukt lærerutdanning

Gjeldssletting

Nyutdanna lærarar kan få sletta store delar av studielånet.

– Dette er jo heilt genialt, seier Magnhild Ege (21), som ikkje visste at dette var ei moglegheit eingong.

Ho og studiekamerat Hans Sørbø (22) går lærarutdanning for trinn 5–10 på Universitetet i Stavanger.

Hans Sørbø (22) og Magnhild Ege (21)

Både Hans Sørbø og Magnhild Ege seier høvet til å slette studielån motiverer dei til å fullføre studiet.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

For meg så er dette ein motivasjon til å bli ferdig med studiet, seier Sørbø.

Han trur ordninga vil føre til at fleire vel lærarutdanninga framover.

Store summar

For det er ikkje snakk om lite pengar som kan bli sletta frå studiegjelda.

106.000 kroner blir sletta dersom du tar ei grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7 på normert tid og jobbar som grunnskulelærar i tre år.

Dersom du går trinn 5-10, kan du få 51.000 kroner trekt.

Har du i tillegg spesialisering innan realfag, framandspråk, samisk eller kvensk, kan du få sletta 50.000 ekstra.

Hans Sørbø

Håpet til Lånekassen og Kunnskapsdepartementet er at fleire skal gjere som Sørbø og studere for å bli lærar.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

Og kanskje det freistar med ein lærarjobb i Nord-Noreg?

Då kan du i tillegg få 55.000 kroner sletta. Vidare kan du kvart år få sletta 50.000 kroner viss du jobbar som grunnskolelærar i tiltakssona.

Maksimalt kan du altså få sletta 361.000 kroner av studielånet ditt.

Gjennomsnittleg studiegjeld for studentar som avslutta utdanninga si i 2022 var 410.000 kroner, viser tal frå Lånekassen.

Du kan lese om alle ordningane her.

Les også Studentene Ingrid og Ken får det enda billigere ved å bo i nord

Lærerstudentene Ingrid Lauritsen og Ken Svala på UiT – Norges Arktiske Universitet

– Berre for lærarstudentar

– Formålet med ordningar for gjeldssletting til ulike yrkesgrupper er mellom anna å rekruttere til bestemde utdanningar som det er særleg mangel på.

Det seier statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Oddmund Løkensgard Hoel (Sp).

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Oddmund Løkensgard Hoel (Sp).

Oddmund Løkensgard Hoel (Sp) er statssekretær i Kunnskapsdepartementet. Han seier at dei som buset seg i Finnmark og Nord-Troms, får sletta studielån uavhengig av kva utdanning dei har frå tidlegare.

Foto: Ragne B. Lysaker

Han seier denne ordninga spesifikt gjeld for lærarstudentar, men seier også at det er fleire yrkesgrupper og organisasjonar som ønskjer at nyutdanna skal få sletta gjeld.

– Ordningar for å rekruttere til enkelte yrke blir ikkje målretta viss alle studentar får det same. Vi gjer det jo nettopp fordi vi ønsker at fleire skal søke seg til lærarutdanningane.

Likt for alle

Men dersom du ikkje ønsker å bli lærar og vil bu i Finnmark og Troms – frykt ikkje!

Du kan få sletta inntil 30.000 kroner av lånet ditt kvart år dersom du bur og jobbar i tiltakssona i tolv månader samanhengande.

Tiltakssona blei etablert i 1990.

For at Nord-Troms og Finnmark skulle bli meir attraktiv å bu og jobbe i, er det derfor innført ei rekke særeigne verkemiddel for regionen, mellom anna desse:

  • Fritak for arbeidsgivaravgift.
  • Nedskriving av studielån.
  • Sletting av studielån for kvalifiserte grunnskulelærarar.
  • Fritak for elavgift på forbruk.
  • Reduksjon i personskattlegginga.

Men Lukrative lokkemidler har ikke vært nok i nord: – Alvorlig utvikling

Trur ikkje på auka søkartal

Tilbake på lærarskulen er det ikkje alle som trur at gjeldsslettinga vil føre til ein auke i søkartal.

Dei som vil bli lærarar gjer det jo fordi dei har lyst til å bli lærarar, og ikkje for å få betalt ned studielånet raskare, seier lærarstudent ved Universitetet i Stavanger, Geir Lorvik.

Geir Lorvik (40)

Lærarstudent Geir Lorvik seier at ingen i klassen hans har valt å bli lærar fordi dei kan få sletta delar av studielånet.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

Han har realfag og skal jobbe som grunnskulelærar. Dermed får han trekt nær 160.000 kroner frå lånet sitt.

Lærarstudent Ege er usamd.

– Det vil motivere folk til å bli lærarar dersom ein får hjelp med økonomien, seier ho.

– Ikkje vent

Lånekassen tilrår å setje seg inn i vilkåra for å få sletta gjeld med ein gong ein er ferdig med å studere.

Nokre av ordningane har søknadsfrist raskt etter fullført utdanning, medan andre krev at du jobbar nokre år.

Ikkje vent med å sette deg inn i kva ordningar som kan gjelde for deg, seier administrerande direktør i Lånekassen, Kjetil Moen.

Administrerende direktør i Lånekassen, Kjetil Moen

Administrerande direktør i Lånekassen, Kjetil Moen. Eit av Lånekassens oppdrag er å sikre samfunnet og arbeidslivet tilgang på viktig og relevant kompetanse.

Foto: Lånekassen

Vil ikkje jobbe i Nord-Noreg

Sjølv om Lånekassen kan freiste med mykje fråtrekk dersom ein vel å jobbe i nord, er det ingen av dei tre studentane som har noko særleg lyst til det.

– Det blir ikkje aktuelt å flytte på meg. Det er på Rennesøy eg er fødd, og det er der eg skal døy, seier Sørbø.

Ordninga for femårig grunnskolelærar- og lektorutdanning gjeld for studentar som starta utdanninga frå og med undervisningsåret 2017–2018.

Les også Søknadsfristen nærmer seg: Martin (18) har ikke peiling

Martin Hurum Wasa