NRK Meny
Normal

Kvinne (41) om overfallsvaldtekt: – Dei heldt meg rundt nasen, munnen, halsen og augo

Meir enn fem år etter ho blei offer for overfallsvaldtekt får Stavanger-kvinna forklara seg i retten. To menn er tiltalt for ugjerninga, men ho er viss på at det var fleire som deltok.

Smug i Midtre Dalgate

Her i dette smauet i Midtre Dalgate på Storhaug i Stavanger blei ei kvinne dregen inn og valdteken i 2008. Naboar kom til og fekk stoppa valdtekta.

Foto: NRK

Rettssak etter overfallsvaldtekt i gang

Rettssaka starta i Stavanger tingrett i dag. Det er sett av tre dagar til ho. Til høgre i bilete sit dei to slovakane som er tiltalte i saka.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

I dag starta rettssaka etter ei av overfallsvaldtektene som ramma Stavanger i 2008.

Ei kvinne blei valdteken i Midtre Dalgate på Storhaug i Stavanger, fram til naboar kom til og fekk stoppa det.

Det er DNA-spor frå ein sigarettstump og ein hanske som har ført til at to menn frå Slovakia i dag står tiltalt for overfallsvaldtekta, som skjedde natt til laurdag 6. februar.

Frykta hivsmitte

I retten i dag forklarte kvinna, som den gong var 35 år, om det som skjedde. Ho var på veg heim frå byen, då ho blei overmanna.

– Eg blei heldt av minst tre personar. Dei heldt meg rundt nasen, munnen, halsen og armane.

I tiltalen kan ein lesa at medan ho blei halden med makt gjennomførte ein 42 år gamal mann valdtekta. 42-åringen og ein 44 åring, som er tiltalt for medverknad, måtte inn i tolkeboksen då kvinna skulle forklara seg. Berre ein tynn glasvegg med persienner som var lukka skilde dei.

Aktor spurde kvinna ut.

– Kva trur du hadde skjedd om det ikkje kom folk til?

– Då trur eg at eg hadde blitt drepen, svarte ho.

Kvinna forklarte vidare at det gjekk tre år før ho kunne forsona seg med det som hadde skjedd. Det første året levde ho i ei boble, og store delar av tida var ho svært redd for å ha blitt HIV-smitta av den eller dei som hadde utført valdtekta.

Tidlegare dømt for valdtekt

I innleiinga i retten i dag erkjente 42-åringen som er tiltalt for å ha gjennomført valdtekta delvis straffskuld.

– Kva vil det sei?

– Han meiner det skjedde på ein annan måte enn det politiet seier, seier forsvararen til den tiltalte, Robert Dyrnes Hovland.

Hans klient er tidlegare dømt for to valdtekter i Slovakia og ein valdtekt i Tyskland.

Påtalestyresmaktene vurderer å be om forvaring for 42-åringen.

Det var ikkje denne mannen sitt DNA som var på sigarettstumpen, men ein 44 år gamal kamerat av han. Det er denne 44-åringen som opplyste om at 42 åringen var innblanda i saka.

44 åringen er tiltalt for å ha lagt offeret i bakken, og ha heldt ho under valdtekta. Han erkjenner ikkje straffskuld for det som skjedde, men DNA-et hans er funne på åstaden.

Ein 42 år gamal slovak erkjente delvis straffskuld for ei overfallsvaldtekt i Stavanger i 2008 i retten i dag.

SJÅ VIDEO: Robert Dyrnes Hovland er forsvararen til den 42 år gamle slovaken som er tiltalt for overgrepsvaldtekt i Stavanger i 2008.

– Ei grov sak

Dette handlar om ei svært grov og alvorleg overfallsvaldtekt. Fornærma har fått ei rekke sår og skadar etter den brutale behandlinga ho fekk, seier statsadvokat Arvid Malde til NRK.no.

Han seier at det er eit svært godt politiarbeid, som gjer at saka nå blir oppklara.

– Politiet som kom til åstaden gjorde ein super jobb. Dei sikra ein sigarettstump og ein hanske der det blei funne DNA. DNA-profilen var ukjent, men så blei det altså treff når han blei teken i Austerrike, seier han.

Anne Kroken er bistandsadvokat for kvinna som blei valdteken.

– Klienten min hadde nett kome over det som skjedde, men nå kjem alt opp på ny. Ho er likevel glad for at saka ser ut til å bli klara opp, seier Kroken.