Hopp til innhold

Her skjedde overfallsvaldtekta i 2008 – i dag må to menn stå til rette for det som skjedde

Fem år gamle DNA-spor har ført til at to menn i dag møter i Stavanger tingrett tiltalt for gjennomføring og medverknad til overfallsvaldtekt.

Midtre Dalgate

STAVANGER: Her i Midtre Dalgate på Storhaug i Stavanger blei ei kvinne i 30-åra valdteken av fleire menn i februar 2008.

Foto: Stig Morten Waage / NRK

Smug i Midtre Dalgate

I dette smauet i Midtre Dalgate skjedde ugjerninga.

Foto: NRK
Voldtektsmistekt

Denne fantomteikninga blei laga i etterkant av valdtektssaka, og skal førestilla ein av gjerningspersonane.

Natt til laurdag 6. februar i 2008 skulle ei kvinne gå heim frå Stavanger sentrum. Fleire menn skal ha gått etter, og i Midtre Dalgate på Storhaug blei ho overfallen, dregen inn i eit smau og valdteken.

Naboar kom til og fekk stoppa valdtekta, men alle gjerningsmennene kom seg unna. Politiet etterforska breitt men fekk ikkje oppklaring i saka, dei sikra seg likevel DNA frå ein hanske og ein sigarettsneip, ifølgje Stavanger Aftenblad.

Tatt på grunn av DNA

Fem år seinare blei ein 44 år gamal slovak fengsla i Austerrike for grovt tjuveri. DNA-et hans blei sjekka opp mot andre saker, og det blei treff på overfallsvaldtekta i Stavanger.

Etter avhøyr blei også ein annan slovak (42) sikta for ugjerninga, denne mannen har erkjent at han står bak gjennomføringa av overfallsvaldtekta, medan 44-åringen skal ha heldt kvinna under ugjerninga.

42-åringen er ifølgje Rogalands Avis dømt for valdtekt tre gonger tidlegare. Sist gong i Tyskland i 2009.

I dag skal dei begge møta i Stavanger tingrett i rettssaka som skal vara fram til onsdag.

– Ei grov sak

Dette handlar om ei svært grov og alvorleg overfallsvaldtekt. Fornærma har fått ei rekke sår og skadar etter den brutale behandlinga ho fekk, seier statsadvokat Arvid Malde til NRK.no.

Han seier at det er eit svært godt politiarbeid, som gjer at saka nå blir oppklara.

– Politiet som kom til åstaden gjorde ein super jobb. Dei sikra ein sigarettstump og ein hanske der det blei funne DNA. DNA-profilen var ukjent, men så blei det altså treff når han blei teken i Austerrike, seier han.

Anne Kroken er bistandsadvokat for kvinna som blei valdteken. Ho har tidlegare uttalt dette om offeret til NRK.no:

– Ho er tilfreds med at politiet er i ferd med å klara opp saka. Min klient vil berre bli ferdig med dette.