Hopp til innhold

Krev lovendring for 100.000 heimlause kattar

Det er rundt 100.000 heimlause kattar i Noreg, og ofte er dyra sjuke og alvorleg skadd. – Det er heilt forferdeleg korleis Noreg behandlar dei heimlause dyra, meiner Dyrebeskyttelsen.

Syke og skadde katter

Skadde kattar med alvorlege sjukdommar ser Mattilsynet og ulike dyrevernorganisasjonar kvar dag.

Foto: Dyrebeskyttelsen

– Kvar veke får me inn krav frå dyrlegar som har utført naudhjelp på kattar, seier Odd Ivar Berget, avdelingssjef i Mattilsynet Sør Rogaland, Sirdal og Flekkefjord.

Problemet med eigarlause kattar aukar for kvart år, og kapasiteten hos dei ulike dyreorganisasjonane i Noreg er no sprengt.

I Noreg er det rundt 800.000 kattar. Over ein fjerdedel er ID-merka, og ein reknar med at rundt 100.000 er heimlause.

Sjukdommar blant kattane er svært utbrett. Alvorlege frostskadar, urinvegsinfeksjon, luftveginfeksjon, dehydrering og svolt er svært vanleg.

Inger Johanne Graff hos Dyrebeskyttelsen i Bergen

Kvar dag jobbar Inger Johanne Graff i Dyrebeskyttelsen med å hjelpa kattar som ikkje har ein heim.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Krev kastrering og ID-merking

Eigde kattar med god helse kan bli smitta av heimlause kattar med for eksempel katteaids.

No krev Dyrebeskyttelsen lovendringar innan dyrevelferda for kattar i landet.

– Det er heilt forferdeleg korleis Noreg behandlar dei heimlause dyra. No må politikarane sjå vondskapen dei driv på med og få igjennom kastrering og ID-merking. Det er einaste måten å redusera galskapen på, seier Inger Johanne Graff.

Ho meiner dei heimlause kattane er eit samfunnsproblem, som menneske har skapt, og som ein no må ta tak i for å få ei endring.

– Ein katt har ingen verdi. Du betaler for ein plastikkpose på butikken, men ein katt får du slengt etter deg, seier Inger Johanne Graff.

Skadd katt 3
Foto: Dyrebeskyttelsen

Var ute på høyring i 2009

I 2009 var eit lovforslag om lovpålagt ID-merking ute på høyring til Stortinget. Både då og no meiner Mattilsynet at ID-merking bør vera frivillig.

– Me anbefaler på det sterkaste at folk kastrerer og merkar kattane sine, men me ser på det som lite nyttig med eit påbod. Det fordi det er veldig vanskeleg å handheva, grunna at det er umogleg å vite kven som er eigaren som til ein katt som ikkje er merka, seier Torunn Knævelsrud, seksjonssjef for dyrehelse i Mattilsynet.

– Kva kan ein gjera då?

– Me meiner at informasjon og påverknad er viktig for å forbetra problemet. Det er katteeigaren som er ansvarleg, og då må ein tenka over om ein har tid og ressursar til å ta vare på katten.

Torunn Knævelsrud

Torunn Knævelsrud, seksjonssjef for dyrehelse i Mattilsynet.

Foto: Mattilsynet

18 kattar måtte døy

I sist veke blei det starta ei kattejakt i Søndre Land Kommune i Oppland. Sju tilsette i kommunen fekk jobben med å fanga inn og avliva 18 kattar som haldt til i eit bustadområdet.

Frå før er fem kattar omplassert, men dei resterande kattane fekk dødsdomen.

Det var Oppland Arbeiderblad som først omtalte saka. Ansvarleg for gjennomføringa, fagkonsulent Anette Sand i plan-, miljø- og næringsavdelinga, seier det dreiar seg om kattar som ikkje er tamme.

– Dette er kattar utan «sosial åtferd» som har formeira seg, blant anna ved innavl. Dei har sitt utspring frå ein kommunal bustad der ein bebuar lét kattane sine vere igjen ved utflytting, fortel ho til avisa.

Samarbeid om kattane

Mattilsynet meiner problemet er stort og vedvarande.

No jobbar dei tett med ulike dyrevernorganisasjonar rundt problematikken. Mattilsynet overleverer ofte kattar til omplassering, eller gjev oppdrag med å fange inn kattar.

– Det aular med heimlause kattar. Det er berre tragisk. Det går ikkje ein dag me ikkje grine over det me ser, seier lokalleiar i Dyrebeskyttelsen i Bergen og Hordaland, Inger Johanne Graff.