Hopp til innhold

Kraftig salmonella-auke – men færre blir sjuke

I 2021 er det trekt varer frå marknaden tolv gonger på grunn av salmonella. I 2018 skjedde det same berre to gonger. Utviklinga gjer Mattilsynet bekymra.

Salmonella-testing hos Folkehelseinstituttet

Salmonella-testing ved Folkehelseinstituttet. Alle prøvar av mat som viser ein bakterie av typen salmonella, hamnar her. Her frå testing i samband med eit utbrot i 2019.

Foto: Andreas Krantz / NRK

Normalt er ikkje bakterien salmonella noko norske forbrukarar må tenke på når dei lagar mat, men slik har det ikkje vore denne våren.

Viss det blir mistenkt eller påvist salmonellasmitte i ein matvare i Noreg, blir matvara trekt frå marknaden. Talet på tilbaketrekkingar hos Matportalen på grunn av salmonella har gått kraftig opp.

I 2021 har det vore langt fleire tilfelle enn tidlegare år, sjølv om under halvparten av året er forbi. I vinter blei fleire sjuke, og sidan har fleire varer blitt trekte frå marknaden.

Så langt i 2021 har det vore tolv tilbaketrekkingar av matvarer grunna mistanke om eller påvist salmonella. Til samanlikning var det to i 2018 og fire i 2019.

Auka import

– Dei fleste tilfella har samanheng med kjøt som er importert til Noreg, seier Ole-Herman Tronerud, fungerande direktør for avdeling regelverk og kontroll i Mattilsynet.

Import av kjøt og kjøtvarer er nærast dobbelt så stor i år som på same tid i fjor målt i verdi, ifølgje tal frå SSB. Noreg er nær tomme for norskprodusert kjøt på lager.

Salmonella er ein sjeldan bakterie i mat produsert i Noreg, men er vanlegare i andre land. Ifølgje Tronerud er det dei som tar varer inn til landet og produsentane som skal sørge for at mat med salmonella ikkje hamnar i butikkane.

Ole-Herman Tronerud

Ole-Herman Tronerud i Mattilsynet.

Foto: Magnus Brenna-Lund / NRK

Mattilsynet følgjer nå opp for å finne ut kva som kan ha skjedd. Alt kjøt som kjem til Noreg skal ha vore tatt prøve av, og Mattilsynet kjem til å skunde på ein allereie planlagd kontroll med verksemder som tar inn kjøt frå den indre marknaden i EU.

– Vi er alltid bekymra når det kjem produkt som kan utgjere helsefare, seier Tronerud.

Sjukdom minst halvert

Viss du et kjøt eller annan mat med salmonella, og maten ikkje er varmebehandla slik at bakterien forsvinn, kan du få salmonellose. Dei vanlegaste symptoma er diaré, hovudverk, magesmerter, kvalme og i enkelte tilfelle feber. Som regel blir ein «berre» sjuk, sjølv om det kan bli alvorleg. I Danmark døydde tre personar i samband med eit salmonellautbrot tidlegare i år.

Kvart år får mellom 900 og 1300 personar salmonellose i Noreg, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Men under korona har det ikkje vore heilt slik. Medan det var over 1000 salmonellosetilfelle i 2019, registrerte FHI mindre enn 500 tilfelle i 2020.

Kvifor? Nordmenn reiste lite. For det vanlegaste er at folk blir smitta i utlandet, ifølgje FHI. Men i 2020 og 2021 har ikkje nordmenn vore like mykje i utlandet som tidlegare.

– Normalt sett er det ein høg andel med smittestad i utlandet. Når reiseaktiviteten i fjor gjekk betydeleg ned, var det også færre som blei smitta på utanlandsreise, seier Hilde Marie Lund, lege ved avdeling for smittevern og beredskap i Folkehelseinstituttet.

Sjølv om det har vore langt fleire meldingar om salmonella enn vanleg dei siste månadene, meiner ikkje Tronerud i Mattilsynet at nordmenn treng å vere uroa.

– Forbrukarane bør vere medvitne og ha god kjøkenhygiene, og elles stole på at Mattilsynet følger opp produsentane så vi har trygg mat i butikkane. Eit av våre samfunnsoppdrag er å sikre trygg mat til folk, seier han.