Hopp til innhold

Ein person med korona døydde på sjukehus

Ein av dei koronasmitta pasientane på Haugesund sjukehus døydde måndag kveld. Nå ønsker fleire kommunar på Haugalandet strengare tiltak.

Haugesund sjukehus 081220

Pasienten som døydde, var innlagt på Haugesund sjukehus.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Pasienten som døydde, var eldre enn 65 år. Dette er det første koronarelaterte dødsfallet i Helse Fonna sidan pandemien starta.

Måndag fekk også kommunen melding frå Haukeland sjukehus i Bergen om at ein person i 60-åra frå Haugesund døydde som følge av korona.

– Vi er veldig triste over å miste to av våre innbyggarar på denne måten. Eg vil uttrykka medkjensle til dei etterlatne, seier ordførar Arne Christian Mohn (Ap) på ein pressekonferanse tysdag ettermiddag.

Sjå pressekonferansen frå Haugesund her.

Tysdag morgon var det innlagt fem pasientar med påvist covid-19 i Helse Fonna. Alle er innlagde på Haugesund sjukehus, og ein av desse får intensivbehandling.

Dødsfallet i Haugesund er det ellevte koronarelaterte i Rogaland.

– Dødsfalla har påverka situasjonen. Vi er i ein enda meir alvorleg situasjon. Det er ei krevjande tid.

Ber om strengare tiltak

Fleire kommunar ber nå regjeringa innføre tiltaksnivå A, som betyr svært strenge koronatiltak i regionen.

Dette inneber blant anna stenging av serveringsstader, de fleste butikkar, treningssenter, ølkraner, bibliotek, idretts- og fritidsaktivitetar, universitet og høgskular.

Haugalandet består av Haugesund, Bokn, Tysvær, Karmøy, Utsira og Vindafjord. Sveio er også blant kommunane som ønsker forsterka tiltak.

Ordførar: – Plutseleg på Oslo-nivå

Helse- og omsorgsdepartementet tar ei avgjerd i løpet av dagen, opplyser Tysvær kommune.

Haugesund har registrert 27 nye koronasmitta det siste døgnet, som er smitterekord i kommunen. Snittet dei siste dagane har vore på rundt 18 tilfelle.

– Nå er vi plutseleg på Oslo-nivå eller som dei var for ei veke sidan. Dette er bakgrunnen til at vi nå ser at vi må ta endå et sterkt grep, sa Mohn på pressekonferansen.

Totalt er 85 medarbeidarar i Helse Fonna i koronarelatert fråvær. Frå og med denne veka er det redusert litt på planlagt drift. Dette er gjort for å ha kapasitet til å ta imot fleire koronapasientar.