Hopp til innhold

– Eit brutalt angrep mot kulturlivet

Stavanger Konserthus har fått varsel om ei rekning på 256 millionar frå skattestyresmaktene. Styreleiar Tora Aasland seier at dei ikkje vil godta kravet.

Spellemann 2013 i Stavanger konserthus

Konserthuset i Stavanger kan vente seg ei stor rekning i posten.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Eg reagerer veldig sterkt på dette, og eg kan sjølvsagt ikkje akseptera det, seier styreleiar i Stavanger Konserthus, Tora Aasland.

Det er ikkje endeleg vedteke, men Skatt Vest har varsla at Stavanger Konserthus må betale tilbake over 256 millionar i moms på byggeprosjektet.

Har venta i sju år på svar

Enkelte offentlege utbyggingar kan få kompensert all moms når deira aktivitetar ikkje konkurrerer med andre.

Skattestyresmaktene meiner at all aktivitet i konserthuset er i konkurranse med andre, og at kravet om momsrefusjon difor går vekk.

Tora Aasland

Styreleiar i Stavanger Konserthus, Tora Aasland reagerer kraftig på kravet om tilbakebetaling av moms.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

– Då byggeprosjektet vart vedteke i Stavanger kommune, så eksisterte ikkje denne definisjonen. Men så kom det ein dom i EØS-systemet i 2008, og då spurte me om ei avklaring på korleis konserthuset kom til å bli råka, seier Aasland.

Etter sju år kjem no svaret, konserthuset har ikkje rett på å få kompensert momsen.

– Eit angrep mot kulturlivet

– Dette strir mot dei signal me har fått tidlegare, og me kan ikkje godta kravet, seier Aasland.

I går fekk kulturhuset Kilden i Kristiansand same beskjed, dei må betale tilbake nærmare 300 millionar i moms.

– Etter mi meining er dette eit ganske brutalt angrep mot kulturinstitusjonar og kulturlivet, seier Aasland.

– Blir ei nasjonal sak

– Dette kjem til å bli ei nasjonal sak, fordi det vil råke fleire konserthus i Norge, og få store konsekvensar for dei også, seier ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø.

Christine Sagen Helgø

Ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø, er sjokkert over at Stavanger konserthus skal måtte betale tilbake momsen.

Foto: Stavanger kommune

Kommunen står som største eigar, og kan difor få ein stor del av rekninga. Ho lovar mobilisering for å hindre at tilbakebetalinga blir ein realitet.

– Det er ikkje moms på kultur, difor skal ikkje Stavanger Konserthus betale moms for den delen av drifta som er kultur. Ja, noko i konserthuset er i konkurranse med annan verksemd, og der skal me betale moms, men ikkje for heile konserthuset, seier Sagen Helgø.