NRK Meny
Normal

Kommunesamanslåing gir klimasjokk i Stavanger

Kommunesamanslåing skaper uventa trøbbel for Stavanger. Når to mindre øykommunar slår seg saman med Stavanger i 2020, aukar CO₂-utsleppet i Norges fjerde største by med ein tredjedel.

Håvard Skavland i lysare versjon i drivhuset på Talgje i Finnøy

Håvard Skavland på Talgje i Finnøy brukar mykje naturgass for å varme opp 8000 kvadratmeter veksthus til tomatane sine.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Den første gongen eg høyrde om det var det litt overraskande, seier Stavanger sin miljøvernsjef, Jane Nilsen Aalhus.

Jane Nilsen Aalhus, miljøvernsjef i Stavanger portrett

Jane Nilsen Aalhus er miljøvernsjef i Stavanger og står i spissen for å lage ny klimaplan for Stavanger.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Avdelinga hennar er nå i full gang med å gjera ferdig ein klimaplan for Stavanger med mål om 50 prosent reduksjon i klimagassutslepp fram til 2030.

Der kjem det fram at samanslåinga med nabokommunane Finnøy og Rennesøy i 2020, kjem til å auke utsleppet av CO₂ i «Nye» Stavanger med 34 prosent.

Tomatane har skulda

Stavanger er den storbyen i Norge med lågast utslepp av klimagassar, 244.000 tonn CO₂-ekvivalentar ifølge Statistisk sentralbyrå sine tal frå 2015.

Men når byen slår seg saman med den største tomatkommunen i landet, Finnøy, og Rennesøy, så går utsleppet i taket. Gartneria dekker tusenvis av kvadratmeter i øykommunane, og dei blir varma opp av naturgass.

Veksthuset på 8000m2 til Håvard Skavland på Talgje

Finnøy er den kommunen i Norge med størst tomatproduksjon.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Me bur jo i nord, og då må me bruka litt varme for å få ein god kvalitet og ein god produksjon, seier Håvard Skavland, som har 8000 kvadratmeter med veksthus på garden sin på Talgje i Finnøy.

Håvard Skavland, tomatprodusent Talgje i Finnøy

Håvard Skavland har drive med tomatproduksjon i 22 år.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Han har klare planar om å byggje nytt og tredoble kvadratmetermengda under tak.

– For 20 år sidan brukte me olje, og 20 år før det igjen brukte me kol, så det går jo rette vegen dette her. Og me kan vera viljuge til å prøva nye ting, men nå er det gass som gjeld, seier Skavland.

Harde krav til tomatdyrkarane

Miljøvernsjefen i Stavanger seier at nå skal dei først bli ferdig med eit utkast til sin klimaplan, som også Finnøy og Rennesøy skal få uttale seg om. Når det gjeld landbruksdelen av planen, så skal ein koma tilbake til den, etter kommunesamanslåinga i 2020.

Denne framgangsmåten er Frp-politikar i Stavanger, Leif Arne Moi Nilsen, skeptisk til.

Han vil nå stoppa heile klimaplanen og ta med innbyggjarane i Finnøy og Rennesøy på råd, før Stavanger bestemmer seg for eit nytt klimamål.

Portrett av Leif Arne Moi Nilsen, Frp politikar Stavanger

Leif Arne Moi Nilsen (Frp) vil stanse klimaplanen og vente til Finnøy og Rennesøy får sagt sitt

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Viss ikkje så er jo det første tomatbøndene i Rennesøy og Finnøy må gjera, etter at dei har gått i saman med Stavanger, å skru igjen gasskranane i veksthusa sine, seier Moi Nilsen.

Meiner det kan løysast

Jane Nilsen Aalhus vonar derimot at det skal bli råd å finne ei løysing med dei to landbrukskommunane som skal slåast saman med Stavanger.

– Eg kan ikkje gå inn på ei løysing for Finnøy og Rennesøy nå, men generelt er det lurt å ta i bruk fornybare energiløysingar når ein skal redusera klimagassutslepp, seier ho.