Hopp til innhold

Ville hindre sal av «masseprodusert nips» til turistar

Då administrasjonen ville ha suvenirane vekk frå torghandelen, blei det steile frontar mellom suvenirseljarane og kommunen. – Ei skam, rasar torgseljar.

Nips-turist

Cruisetrustar og andre tilreisande kan kjøpe troll, t-skjorter, solbriller, reinsdyrskinn og kjøleskapsmagnetar på torget i Stavanger. Kommuneadministrasjonen har tatt initiativ til noko anna, men det gjekk ikkje upåakta hen.

Foto: Erik Waage / NRK

– Me blir rett og slett mobba, seier Reidun Kjølstad, som i tolv år har drive salsbu på torget i Stavanger, og kallar kommunen sitt første framlegg «ei skam».

– Eg synest kanskje det er litt spesielt å trekka mobbekortet, svarar park- og vegsjef i Stavanger, Torgeir Esig Sørensen.

Reidun Kjølstad

Reidun Kjølstad har vore torghandlar i tolv år. Ho reagerer på kommunens oppførsel.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Det store spørsmålet er kva dei mange tusen cruiseturistane – og andre som besøker Stavanger – skal finne i buene på torget. Er det t-skjorter, reinsdyrskinn og kjøleskapsmagnetar utan tilknyting til staden, eller lokalprodusert marmelade, brukskunst og grønsaker?

Torgeir Esig Sørensen

Torgeir Esig Sørensen, park- og vegsjef i Stavanger.

Foto: Ole ANdreas Bø / NRK

Sørensen og hans administrasjon står bak eit forslag som fekk torgseljarane til å steile.

«Direktøren foreslår at muligheten til å selge klær og solbriller og masseproduserte nips tas bort», sto det i sakspapira.

Trollfigur på torget i Stavanger
Foto: Erik Waage / NRK

Framlegget var følgt av eit forslag til retningsliner. I retningslinene er varene spesifisert til å vere «husflid, brukskunst, smykke, brukthandel og lignende».

Skapte debatt i Bergen

– Folk som ikkje veit kva dei snakkar om må komma ned og sjå, seier Kjølstad, som blant anna sel pyntetroll, kjøleskapsmagnetar, t-skjorter og skyggehuer til handleglade cruiseturistar.

T-skjorter

Det er eit variert utval av klede som blir seld i salsbuene.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Stavanger kommune har fleire gonger diskutert om vareutvalet på torg skal endrast. Dei vil ha meir liv og større variasjon i vareutval. Også i dag er det blomar og grønsaker til sals i byen, men det er på Domkirkeplassen, eit lite stykke unna torget.

Til samanlikning har dei i Bergen delt torget mellom Fisketorget og Vågsallmenningen. Fisketorget skal vera ein omsetningsstad for fisk, sjømat og skaldyr, lokalprodusert gardsmat, frukt, bær, grønsaker og blomster.

Sal av suvenirar berre er lov på Vågsallmenningen.

«Naturlege og ferske kvalitetsprodukt»

– Det var ein svær debatt rundt dette i Bergen i 2009, som enda med et byrådsvedtak, fortel leder av Fisketorget, Margit Fagertveit-Aakre.

I vedtaket heiter det at «det skal vere naturlege og ferske kvalitetsprodukt med vekt på lokale varer og spesialitetar frå hav og landbruk på Fisketorget».

Fisketorget i Bergen

I dag er det ikkje lov å selja suvenirar på Fisketorget i Bergen.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Då saka var oppe i utvalet for miljø og utbygging i Stavanger, endra politikarane litt på ordlyden.

I forslaget til retningsliner som går ut på høyring, med frist i september, er også «klær, sko, vesker, suvenirar, husgeråd, bøker etc.» tatt med.

Nips som skjellsord

Høgre-politikar Ingeborg S. Folgerø seier at suvenirseljarar er velkomne i Stavanger, og at alt bygger på ei misforståing.

– Politikarane si oppfatning er at dei som har salsbuer på torget er hjarteleg velkomne.

Ingebjørg S. Folgerø, Stavanger Høyre

Høgre-politikar Ingeborg S. Folgerø meiner det heile bygger på ei misforståing.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

I høyringsrunden skal alle få komma med sine meiningar og forslag. Folgerø forstår likevel at suvenirseljarar kan føla seg dårleg behandla.

– Når ordet nips blir brukt som skjellsord, er det sårande. Dei driver ein heiderleg verksemd.

Park- og vegsjefen har likevel forståing for at seljarane føler seg rørt ved.

– Men nå inviterer vi dei inn i prosessen, og dei skal få komme med sine meiningar og forslag, seier Torgeir Esig Sørensen.

Suvenirseljar Reidun Kjølstad er nøgd med å bli hørt av politikarane og at ordlyden blei endra.

– Heldigvis fekk ikkje administrasjonen politikarane med seg. Det beroliger oss noko, seier ho.

– Viktig med suvenirar

Ifølgje Åsa Helen Grahn, førsteamanuensis ved Norsk hotellhøgskole, er ein suvenir meir enn berre ein ting.

Portrettbilde av Åsa Helen Grahn, reiselivsforskar ved UiS

Førsteamanuensis ved Norsk hotellhøgskole, Åsa Helen Grahn.

– Suvenirane er kjempeviktige. Dei skaper minner og forteljingar. Dei skaper også ei anledning til å gje ei gåve til familie og vener.

Om reinsdyrskinnet er kjøpt i Stavanger eller Finnmark, betyr ikkje så mykje for turisten, meiner ho.

– DeI skal til Norge, og det er ikkje alltid dei kjem seg nord. Suveniren er likevel eit bevis på at du har vore i Norge, seier ho.