Hopp til innhold

Sjakk-Carlsen med lynvisitt til Stavanger

Magnus Carlsen viste ingen nåde då han feia sponsorane av sjakkbrettet då Norway Chess-turneringa skulle promoterast på Forus i ettermiddag.

Created by InfoDispatcher

Sjakkspelar Magnus Carlsen var i dag på besøk på Forus.

Norway Chess inviterte sine sponsorar i regionen til ei samling, og nokre utvalde fekk også prøva seg i lynsjakk mot verdsmeisteren. Men sjakkesset var ikkje nådig og regelrett knuste dei på få sekund.

Magnus Carlsen
Foto: Anders Fehn / NRK

Carlsen og resten av verdseliten kjem tilbake i juni, når Norway Chess-turneringen blir arrangert i Stavanger.

Under fjorårets turnering måtte Carlsen ta til takke med andreplass, då russiske Sergej Karjakin tok sigeren framfor Carlsen og resten av verdseliten.

Til sommaren kan han få revansje, då Karjakin er blant verdsstjernene som skal delta i år. Dei andre som er klare for turneringa er Levon Aronian, Veselin Topalov, Fabiano Caruana og Peter Svidler. Norway Chess blir arrangert mellom 2. og 13. juni.

I november vann Carlsen ein overbevisande siger mot indiske Vishy Anand i sjakk-VM.

Flere nyheter fra Rogaland