Hopp til innhold

Kenguruen fanga etter over eitt døgn på frifot

Den berømte kenguruen på Karmøy har kome til rette. Fleire timar på frifot har gjort kenguruen stressa, og no får han behandling på ein dyreklinikk.

Kenguruen er nå hos dyrlege

Slik såg kenguruen ut i går kveld. Han blei bedøvd med ei pil, før han blei fanga.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Me fekk han til slutt, seier dagleg leiar i Haugaland Zoo, Bernt Kai Velde.

Rundt klokka 22 i går kveld vart den sakna kenguruen endeleg funnen, om lag ein kilometer frå dyreparken. Då hadde han vore på rømmen i godt over eitt døgn.

Ein veterinær måtte skyta han med ei bedøvingspil før dei greidde å få fatt på han. No er han på ein dyreklinikk på Karmøy, der må han truleg bli verande i nokre dagar.

Bernt Kai Velde

Dagleg leiar i Haugaland Zoo, Bernt Kai Velde, er glad for at kenguruen har kome til rette.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Han er oppe og går, men dessverre har han fått nokre sår og skrapar etter at han hoppa over piggtrågjerder. Difor må han bli verande til observasjon i to-tre dagar til, seier Velde.

Ifølgje Velde blei kenguruen stressa av turen ute i det fri, med mange skuelystne.

– Det var nær 17. mai her på Torvastad i går, med mange bilar og folk. Folk syns sikkert det var spanande, men han blir jo frykteleg stressa av det.

– Stress svekkjer immunforsvaret til eit dyr, og difor er me redde for at det går infeksjon i såra, legg Velde til.

Har skapt eit stort engasjement

Kenguruen kom seg ut av dyreparken under fôringa tysdag kveld, fordi ein port ikkje var lukka skikkeleg igjen. I timane etter vart han observert på ulike stadar på Karmøy. Alf Harry Andersen trefte på kenguruen då han sykla til jobb.

Kenguru på rømmen på Karmøy

Kenguruen stod midt i vegbana då Alf Harry Andersen sykla til jobb i går.

Foto: Alf Harry Andersen

Og kenguruen sin flukt har fått mykje merksemd. Mellom anna stemte over 20 000 barn på kva kenguruen burde heita. Namnet «Bølla» fekk flest stemmer.

– Kva syns du om namnet «Bølla»?

NRK Super-avstemning om navn

– Det er jo faktisk ei jente, så eg veit ikkje heilt. Eg har ikkje namn på dyra mine, så eg kjem nok ikkje til å kalla han det sjølv, seier Velde.

Ny kjendis i parken

Velde hoppar heller ikkje i taket over den veldige publisiteten dyreparken har fått.

– Kva vil det bety for dyreparken?

– Eg har ikkje peiling. Det var ikkje den reklamen eg ville ha.

– Det er jo spanande med ein kenguru som hoppar rundt, men me likar jo best når han er der han skal vera, seier Velde.

– Men du har fått ein liten kjendis i parken no?

– Ja, me har vel kanskje det.

Når folk kan koma å sjå kenguruen er førebels ikkje klart, det må dyrlegen avgjera.

– Når han kjem heim må han få vera litt for seg sjølv, og få vera i ro, seier Velde.