Hopp til innhold

Kenguru på frifot på Karmøy

I fleire timar har tilsette ved Haugaland Zoo leita etter ein kenguru, som stakk av under fôringa i går kveld.

NRK har fått tilgang til denne Snapchat-videoen som viser kenguruen på Karmøy springa over vegen tysdag kveld.

NRK har fått tilgang til denne Snapchat-videoen som viser kenguruen på Karmøy springa over vegen tysdag kveld.

– No ventar me berre på svar frå publikum, for dei har auge overalt, så det er betre å få ein telefon frå dei enn at me går og leitar utan å veta kvar han er, seier dagleg leiar i Haugaland Zoo, Bernt Kai Velde.

Då kenguruane i den vesle dyreparken Haugaland Zoo på Torvastad på Karmøy skulle fôrast i sekstida i går kveld, stakk den eine av dei av.

– Det var nokon som ikkje hadde lukka porten skikkeleg igjen, seier kurator i Haugaland Zoo, Kjetil Veum Utvik.

Kurator i Haugaland Zoo Kjetil Veum Utvik

Kurator i Haugaland Zoo Kjetil Veum Utvik.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Søk utan hell

Kenguruen blei sist observert ved Vika på Torvastad i dag tidleg. I går blei han ifølgje Karmøynytt observert i området rundt golfbanen, men det lukkast ikkje leitemannskapet å fanga han.

– Me reknar med at kenguruen held seg i området, seier Velde.

Politiet har blitt varsla om at kenguruen er på frifot, men enn så lenge lar dei dyreparken ta seg av søket.

Haugaland zoo

Slik ser inngangspartiet til den vesle dyreparken Haugaland zoo ut.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Kan ta lang tid

Om lag fem personar frå dyreparken har vore ute og leita, både til fots og i bilar. I tillegg har dei også med seg ein veterinær.

Dersom dei greier å lokalisera kenguruen, er håpet at dei kjem så nære at dei kan bedøva han, og fanga han.

– Eg håpar at me får han inn igjen så fort som mogleg, seier Veum Utvik.

Men det kan ta tid.

– Det har vore kenguruar som har vore på flukt frå andre dyreparkar i Europa, og nokre av dei har vore vekke i eit par år før dei har fått fatt i dei, seier Velde.

Ifølgje Velde er ikkje kenguruen farleg, men dei ber folk som eventuelt støytar på han om å vera roleg for å ikkje skremma den. Dei vil gjerne ha tips dersom nokon ser han.

Kenguruen er om lag 150 cm høg, og gråbrun i fargen.

Kengeruar på Karmøy

Haugaland Zoo har totalt fem kenguruar. Her er tre av dei som ikkje har stukke av.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK
Haugaland zoo