Hopp til innhold

Fann 30 nye hundeposar like etter frivillige hadde rydda

Sjølv om frivillige støtt og stadig er ute og ryddar, så er det eit konstant tilsig av nye hundeposar langs turstiane i Stavanger. Viltforvaltaren håper på haldningsendring.

Det ligger tett med hundeposer langs turstiene

NRK sin reporter Johan Mihle Laugaland (bilete) tok ein runde rundt Vannasen i Stavanger saman med viltforvaltar Vegar Ankarstrand. Sjølv om stien nyleg var rydda av frivillige, så hadde det blitt kasta tretti nye hundeposar.

– Hundeposar langs turstiane er jamt over eit problem, seier Vegar Ankarstrand, som er viltforvaltar i Stavanger kommune.

For sjølv om folk tydelegvis har blitt flinke til å plukka opp bæsjen til hundane sine, så er det mange som ikkje har forstått at posen skal kastast i søppelet og ikkje i naturen.

– Eg forstår ikkje poenget. Det hadde vore betre å ikkje ta den opp, enn å pakka den inn i plast først, seier Terje Lillestø som er ute og luftar hunden sin langs Vannassen i Stavanger.

– Sei tydeleg ifrå

Ikkje lenge etter frivillige hadde rydda turstien langs det vesle tjernet i Stavanger, tok NRK ein runde saman med Ankarstrand. Heile 30 nye posar hadde blitt kasta.

– Slik er det. Det fylles på med med posar heile vegen, seier viltforvaltaren.

Førstkomande torsdag har NRK Rogaland drege i gang fellesdugnaden «Hele Rogaland rydder», og mykje tyder altså på at det vil bli mykje hundedritt å finna i posane til folk. Kommunen håper at folk vil endra haldning når det kjem til å kasta hundeposar i naturen på denne måten.

– Det er jo ingen som vil ha det slik. Heller ikkje dei som kastar posane vil ha søppel rundt seg. Eg føler det må litt sosial ansvarleggjering til, og at folk seier tydeleg ifrå om at me ikkje vil ha det slik, seier Ankerstrand.

– Folk må halda fram som før med å ta hundebæsjen opp, men dei må ta den med til nærmaste spann, og kasta dei i spannet, legg han til.

Fekk du med deg denne?

NRK-fotografen skulle berre filma bilkøen i Stavanger. Med på kjøpet fekk han masse søppel.

KASTA SØPPEL FRÅ BIL: NRK-fotografen skulle ut å filma bilkøen i Stavanger i februar i fjor. Med på kjøpet fekk han masse søppel.