Hopp til innhold

Kan tene millionar på å frakte bilvrak ut av landet

RISAVIKA (NRK): Gamle bilar fylt med elektronisk avfall blir sende til Afrika der dei blir selde dyrt. Bakmenn i Noreg kan sitje igjen med fleire titals millionar kroner.

3 Hiacer

KLARE FOR REISE: Varebilar av typen Toyota Hiace ventar på danskebåten i Risavika i Stavanger. Nokre veker etterpå rullar dei i land ein stad i Vest-Afrika.

Foto: Jarl Anders Ruset Helle / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Risavika utanfor Stavanger ein novemberdag i 2018. Ei rekke utslitne, gamle bilar står parkerte side ved side. Varebiltypen Toyota Hiace går igjen. Fleire av bilane har tildekte ruter for å skjule at dei er fulle av brukt elektronikk som kan vere stole frå returmottak.

Så blir bilane trilla på ein trailer som køyrer om bord på danskebåten Fjord Line. Den lange reisa til Afrika har starta.

Nokre veker etterpå rullar fleire av bilane inn på ein marknad i Lagos i Nigeria. Der blir dei selde for det mangedobbelte. Elektronikken blir òg seld til lokalbefolkninga, men mykje endar opp på forureina opphoggingsplassar.

Toyotaer på henger

PÅ VEG TIL AFRIKA: Tre Toyota Hiace på veg til hamna i Hamburg.

Foto: Christian Zuckmayer / NRK

Denne svært lukrative og ofte ulovlege eksportverksemda som NRK Brennpunkt no har avdekt, veks i omfang. I perioden 2009–2018 vart det eksportert 24.300 bilar til Afrika frå Noreg. Det er 56 prosent av den totale eksporten.

I åra 1999–2008 var talet 6718 bilar. Og den gongen utgjorde Afrika-eksporten berre 14 prosent av totalen.

I sidegater i norske byer står gamle biler og fylles med elektronikk. Så forsvinner de. I over et år sporer Brennpunkt bilene, og avdekker en omfattende skjult millionindustri. Det handler om tyveri, trusler og smugling over landegrenser. Og et annet sted bærer noen miljøkonsekvensene.

I over et år sporer Brennpunkt bilene, og avdekker en omfattende skjult millionindustri.

31 millionar

Afrika-bilane har vorte ein millionindustri. Ein norsk bakmann kan ha tent 31 millionar kroner. Den neste på lista ligg på 28,5 millionar (sjå fakta). Dei større aktørane på Vestlandet kan ha tent mellom 5 og 14 millionar.

Bjørn Bjørnstad, avdelingsdirektør i Miljødirektoratret

Bjørn Bjørnstad, avdelingsdirektør i Miljødirektoratet.

Foto: Miljødirektoratret

Så kjem verdien av eventuelt innhald i bilane i tillegg. Mange av bilane er fylde med elektrisk og elektronisk avfall.

– Sjølv om det framstår som om det er enkeltpersonar, så kan dette vere meir organisert enn det vi har trudd tidlegare, seier avdelingsdirektør Bjørn Bjørnstad i Miljødirektoratet.

– Vi meiner heilt opplagt at dette er ei oppgåve for politiet.

NRK har kontakta personar som har sendt ut bilane. Dei vil ikkje la seg intervjue, men seier dei ser på verksemda som meir eller mindre lovleg, for dei blir ikkje stansa.

Ein av bilane som stod parkert på Risavika utanfor Stavanger, vart seld for 10.000 kroner i Noreg. På marknaden i Lagos finn NRK den same bilen. Der kostar han 48.000 kroner – altså fire gonger innkjøpspris.

Dei 24.300 bilane som har vorte eksporterte dei siste ti åra, gir ei mogleg inntjening på 650 millionar kroner, viser eit reknestykke gjort av NRK.

I sidegater i norske byer står gamle biler og fylles med elektronikk. Så forsvinner de. I over et år sporer Brennpunkt bilene, og avdekker en omfattende skjult millionindustri. Det handler om tyveri, trusler og smugling over landegrenser. Og et annet sted bærer noen miljøkonsekvensene.

I sidegater i norske byer står gamle biler og fylles med elektronikk. Så forsvinner de. I over et år sporer Brennpunkt bilene, og avdekker en omfattende skjult millionindustri. Det handler om tyveri, trusler og smugling over landegrenser. Og et annet sted bærer noen miljøkonsekvensene.

Klima- og helsetrussel

Dei aller fleste bilane er så gamle at dei er ulovlege å importere til ei rekke afrikanske land.

Bileksporten er ein klimatrussel og helsetrussel i Afrika, viser ein ny rapport frå Centre for Science and Environment. Dei gamle bilane forureinar og bidrar sterkt til auka CO₂-utslepp.

I rapporten framhevar dei òg at bilane blir hogde opp på uformelle skrapplassar. Eksporten tener rike land, som slepp å bruke pengar på å skrape sine eigne gamle bilar.

Avskiltet rød bil

SKIL SEG UT: Avskilta og nedsliten varebil parkert i eit bustadstrøk i Bergen.

Foto: Anette Berentsen / NRK

Og på toppen kjem alt det norske avfallet som bilane er stappa fulle av. I studien Person in the Port frå 2018 kontrollerte ein kva som kom inn via hamna i Lagos i løpet av eitt år, og dei testa òg om dei elektroniske produkta faktisk virka.

Ein firedel av det som kom inn, 15.000 tonn, var elektrisk og elektronisk avfall (ee-avfall) som aldri skulle fått forlate Europa. Studien viste seg òg at 70 prosent av avfallet kom i stappfulle bilar, og ikkje i containerar, som tidlegare antatt.