Hopp til innhold

No er Janove klar for å entra scena igjen

I morgon legg Janove Ottesen ut på sin første turné på fire år. I dag varmar han opp med lansering av ny singel og musikkvideo.

Janove Ottesen

På Folken i Stavanger er rigginga av scena i full gang. Dagane blir lange, for alt må vera på plass innan onsdag. Då skal Janove Ottesen entra scena med eit nytt band og nytt materiale.

– Det blir knallkjekt, seier Ottesen.

Billettane til dei tre konsertane på Folken blei selde ut for mange månadar sidan, lenge før hans nye soloalbum, «Artisten & Marlene», hadde kome ut.

– Det er litt av ei tillitserklæring, seier den tidlegare vokalisten i Kaizers Orchestra.

Spent på publikumet

Han er spent på det som ventar han på onsdag. For sjølv om han har vore på tallause turnear før, og spelt hundrevis av konsertar, blir dette annleis, og nytt.

– Eg får ein veldig fin start med eit stort og flott publikum på heimebane. Men korleis publikumet vil oppføra seg, veit me ikkje. Eg veit korleis publikumet var før med det gamle bandet, men eg veit jo ikkje om det nye publikumet er slik.

Han blir ikkje overraska om det kjem førespurnadar frå publikum om ei og anna Kaizers låt.

– Men det får dei jo ikkje, seier Ottesen.

Lanserer ny musikkvideo

Som ei oppvarming til turneen slapp Janove i dag ein ny musikkvideo til singelen «Et hjerte som sloss».

– Det er ein litt annleis musikkvideo. Sangen har ein tekst med ei tydeleg historie. Det handlar om den romantiske tanken som mange forelska kjærastepar har vore innom, at dersom ein av oss skulle forsvinna, eller døy, så vil den andre venta, eller ein vil finna kvarandre igjen, seier Ottesen.

Og den historia er det to unge skodespelarar som fortel, ikkje artisten sjølv.

– I staden for at eg var med og dansa, song og vrikka på hoftene, blei det heller ein liten kortfilm.

Fleire kjende musikarar

For denne gongen blir ikkje gassmaskene og oljetønnene med på turné. I staden blir det eit moderne show, der video blir eit viktig element.

– Det er ein flott produksjon, me brukar moderne teknologi, og det er annleis enn det meste eg har sett.

Med seg på scena har han også fått fleire kjende musikarar frå både Noreg og Sverige. Det er Børge Fjordheim på trommer, Micke Lohse på tangentar, Gulleiv Wee, kjend frå September When, på bass, og Mattias Hellberg på gitar. Hellberg har mellom anna spelt med Håkan Hellstrøm og var med å starta The Soundtrack of our lives.

Skal turnera i sommar

Dei må altså koma seg på konsert, dei som vil sjå meir av Janove. I alt blir det ti konsertar på turneen no i vår, men til sommaren blir det fleire konsertar på ulike festivalar. Kor mange konsertar det då blir, veit dei førebels ikkje.

– Roskilde-festivalen henger i lufta, har eg fått beskjed om, så kanskje. Det er spanande tider, avsluttar Ottesen.