Hopp til innhold

Glad for at studentane slepp å betale

Fleire stipendiatstillingar til dei nye Universiteta, og ingen studieavgift for utanlandske studentar gjera at Universitetet i Stavanger jublar over budsjettavtalen.

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger er godt nøgd med budsjettavtalen til samarbeidspartia.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Dette er noko som universitet og høgskular over heile landet har stått saman om. Så det er nok over heile landet i dag, ein lette over at gratisprinsippet blir verande, det seier rektor ved Universitetet i Stavanger, Marit Boyesen, etter at det blei klart at det ikkje blir innført studieavgift for utanlandske studentar.

Marit Boyesen

Marit Boyesen er rektor ved Universitetet i Stavanger.

I det opphavlege forslaget til statsbudsjett frå Regjeringa var det lagt inn eit kutt på om lag 80 millionar kroner, pengane skulle hentast inn igjen ved å ta betalt frå studentar som kjem utanfor EØS.

– Å innføre studieavgift hadde fått store konsekvensar for oss. Det kunne betydd ein betrakteleg reduksjon i søknader frå desse landa, som me i dag har mange studentar ifrå, seier Boyesen.

– Prinsipielt viktig

– Dette er prinsipielt veldig viktig. Erfaringar frå andre land viser at når ein først har opna opp for studentavgift for internasjonale studentar, så er det berre eit spørsmål om tid før ein også tek betaling frå nasjonale studentar, seier stortingsrepresentant frå Venstre, Iselin Nybø.

Lik Universitetet i Stavanger har også ho vore uroa for at studieavgift for utanlandske studentar kan resultere i at ein mister naudsynt kompetanse.

Iselin Nybø

Iselin Nybø er stortingsrepresentant for Venstre.

Foto: Venstre

– Viss ein først opnar opp for betaling så kan ein mista mange utanlandske studentar. Det viser erfaring frå andre land. Og me treng den kompetansen som desse studentane tek med seg, seier Nybø.

Satsar meir på dei nye universiteta

I budsjettavtalen blir det også løyvd pengar til 50 nye stipendiatstillingar ved dei tre nye universiteta, Agder, Bodø og Stavanger.

– Dette er me veldig glade for. Me har blitt høyrt, og får eit skikkeleg fagleg løft med desse stipendiatstillingane, seier Boyesen.

Det har vore ei av kampsakene ti Venstre.

– Det var viktig for oss å markere at me også vil satse på dei nye universiteta. Og me ynskjer å løfte dei kompetansemiljøa som er der, difor var det viktig å få til ei øyremerking av desse 50 stipendiatstillingane, seier Nybø.

Flere nyheter fra Rogaland