Hopp til innhold

Klimaendringane bringar ny flått til Noreg: – Den spring etter deg

Jaktflåtten fanst ikkje i Noreg før, men nå er den og opp mot 15 andre artar her. Og fleire kan komme med trekkfuglane. Finn du ein, vil flått-professor Snorre Stuen gjerne ha den.

Snorre Stuen

Snorre Stuen har forska på flått i 35 år. Viss du finn ein flått som til dømes er større enn den vanlege, vil han gjerne ha den. Professoren vil vite kva artar som rører seg i Noreg og kva smittestoff dei kan ha med seg.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det kjem millionar av trekkfuglar til landet kvart år, og dei har med seg slike flåttar, seier Snorre Stuen.

Han er professor ved Veterinærhøgskulen og har forska på flått i 35 år.

Jaktflåtten er eit døme på det. Flåtten vart funnen på eit pattedyr i Noreg for første gong sist haust. Den er vanleg sør i Europa og særleg i Tyrkia. Forskarane er ikkje heilt sikre på kor mange det er av den, for det må vere varmt for at den skal overleve.

Jaktar på deg

Og namnet kjem av ein grunn.

– Den jaktar på deg og spring etter deg. Til motsetnad: Den vanlege skogflåtten ventar på deg ute i terrenget, seier Stuen.

Jaktflåtten Hyalomma marginatum

Slik ser jaktflåtten ut. Den er tre gonger så stor som den vanlege skogflåtten. I fjor haust blei den funnen på eit pattedyr i Noreg første gong, då på ein hest i Vestby kommune.

Foto: WIKIMEDIA COMMONS

– Flåtten har mellom anna auge. Vi veit ikkje kor godt han ser, men han observerer med temperatur, CO₂ og rørsler. Om han oppdagar deg som noko han kan suge blod frå, følger han etter deg.

For å overleve treng dei varmare klima enn den vanlege skogflåtten, til dømes minst 15 grader. Flåtten i seg sjølv er ikkje farleg, men den kan føre med seg virus som kan vere alvorleg og dødeleg, fortel professoren.

Frå før er det kjend at vi kan få TBE-virus eller borreliose (eksterne lenker) av flåttbit.

Les også Leon (7) fikk lammelse etter flåttbitt: Familien ber folk sjekke barna sine

Leon Løberg-Farstad fikk lammelser i ansiktet etter borrelia fra flåttbitt.

Det finst mellom 10–15 flått-artar i landet allereie. Nå oppfordrar Stuen dei som ringmerker fuglar og slikt om å samle og sende inn flåttar.

– Jaktflåtten vert i dei fleste tilfelle funnen på hest. Det har vel samanheng med at dei som har hest greier og børstar dei, og soleis har lettare for å finne flått. Men også dei som har hund bør ta vare på og eventuelt sende inn flåttar.

Nytt klima = ny flått og nye virus

Randi Eikeland har doktorgrad og er spesialist i nevrologi ved Flåttsenteret. Dei er ein nasjonal kompetanseteneste under Helsedepartementet og gjev ut informasjon om flått og sjukdomane dyra kan spreie.

Randi Eikeland, leder for Nasonal kompetansetjeneste for flåttbårne sykdommer

Randi Eikeland.

Foto: Nasonal kompetansetjeneste for flåttbårne sykdommer

Neste veke skal det vere flåttkonferanse i Kristiansand. Dit kjem forskarar frå mellom anna Danmark, Tyskland og Sverige.

Årleg får Flåttsenteret kring 200.000 treff på nettsida si av folk som har spørsmål om flått.

– Om ein får nye typar flått eller berre eit nytt type klima, kan ein få nye virus og smittestoff, seier Eikeland.

Og flåtten kan få andre typar smittestoff i seg om den får eit anna klima, seier ho.

Les også Flere anbefales å ta flåttvaksinen nå

Vaksinasjon ved sjukehuset i Ålesund

I Finland har skogflåtten, den mest vanlege vi også har i Noreg, nyleg fått nye typar smittestoff i seg. Det same gjeld andre mikroorganismar som fører med seg smitte og sjukdom som er avhengig av klimaet, ikkje berre flåtten som dyr.

– Eg trur ikkje det er noko overhengande fare for det nett no, men skulle det til dømes bli veldig varmt og godt her kan mygg i Noreg få malaria og etablere seg, seier ho.

I ein boks eller på sprit

Stuen oppmodar folk til å vere særleg merksame på flåttar som er større enn ein ventar å sjå.

Jaktflått på glass hos Snorre Stuen

Jaktflått på glas hos professor Snorre Stuen.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Kva gjer eg? Legg han i ein konvolutt, på sprit – kva er oppskrifta?

– Prøve å ta vare på han. Legg han i ein boks, eller på sprit om du har det tilgjengeleg, og send den til meg.

Professoren er interessert i å lære kva artar som rører seg i Noreg i sommar og kva smittestoff dei kan ha med seg.