Hopp til innhold

Ordføraren inviterte supporterane på frukost før første heimekamp

I kveld spelar Viking sin første heimekamp for sesongen. Ordføraren i Stavanger inviterte supporterar og leiinga i klubben til frukost, i håp om at det skal hjelpa laget til sesongens første siger.

Ordføraren i Stavanger inviterte Hordene på frukost kampdag.

SJÅ VIDEO: Det var god stemning rundt frukostbordet på Ledaal fredag morgon.

– Supporterane er viktige for laget, og laget er viktig for regionen, og då vil eg visa at me set pris på det supporterane gjer med å invitera dei til frukost.

Det var dekka til bords og servert vaflar, egg, bacon og alt anna som trengst til ein god frukost, då stavangerordførar Christine Sagen Helgø (H) inviterte Vikinghordene og leiinga i klubben til frukost på staselege Ledaal fredag morgon. Høvet var Viking sin første heimekamp for sesongen, heime mot Strømsgodset i kveld.

– Eg håpar denne frukosten gir dei mykje energi utover dagen og på kampen i kveld, sa Sagen Helgø til dei frammøtte.

Geir Inge Fiskebekk

– STAS: Hordeneleiar Geir Inge Fiskebekk tykkjer det er stas å bli invitert på frukost av ordføraren.

Foto: Siri Wichne Pedersen / NRK

Leiar i Vikinghordene, Geir Inge Fiskebekk, er veldig klar for ein dag det alt dreiar seg om Viking og kveldens kamp.

– No går det i eitt fram til klokka 01 eller 02 i natt, då er det viktig mat no, så får me fylla på litt etter kvart utover dagen.

Korleis er det å bli invitert på frukost med ordføraren?

– Det var jo litt sjokkerande, men det er veldig kjekt. Det er kjekt for oss å bli sett pris på, seier han.

– I kveld skal me gi alt, sånn som me pleier, og synga laget til siger, seier Fiskebekk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vikingfrukost

DUK OG DEKKA BORD: Vikinghordene fekk ein god start på dagen i lag med ordføraren i Stavanger, Christine Sagen Helgø (til høgre).

Foto: Siri Wichne Pedersen / NRK

Tøff første heimekamp

Viking har ikkje det lettaste kampprogrammet i opninga på årets eliteserie i fotball. I den første runden spelte dei, 2-2 borte Rosenborg som er tippa som årets vinnar av NRK sine fotballekspertar. I kveld spelar dei sin første heimekamp for sesongen mot fjorårets serievinnar Strømsgodset.

Viking blir tippa høgt på tabellen, men dersom ekspertane får rett blir det ingen pallplass i år. Sandnes Ulf er tippa på same plass som dei enda på i fjor: 13. plass.

Sagen Helgø er den første ordføraren i Stavanger som har invitert supporterar til frukost. Ho heldt blant anna ein tale der ho snakka om kor viktig supporterane er for fotballklubben.

Jonevret sette pris på initiativet

Også trenar Kjell Jonevret var invitert, og nytta frukosten til å forsyna seg godt frå det veldekte frukostbordet.

– Ein kan ikkje gjera så mykje på kampdagen, det blir venting, venting og meir venting på at det kjem i gang. Me førebur sjølvsagt litt kva me skal seia før kampen, men det meste er allereie gjort, så det var godt med ein god frukost i dag, seier han.

Han sette pris på initiativet for å syna kor viktige supporterane er.

– Supporterane er kjempeviktige. Det er veldig viktig for heilskapen og atmosfæren på kamp. Det er ikkje alltid fotballkampar er like spanande, men er stemninga god, er det mykje lettare å koma tilbake seinare. Og det er klart det er stor forskjell for spelarane å spela når dei merker at dei har folk i ryggen som heiar dei fram. Ein brukar å seia at publikum er den 12. mann, og slik er det definitivt.

Viking utligner mot Rosenborg

OPNA MED UAVGJORT: Viking låg under 2–0 borte mot Rosenborg i årets første seriekamp, men kom knallsterkt tilbake og det vart til slutt 2–2

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix