Hopp til innhold

25 år sidan Viking sin jubel-sesong i 89

Sjå TV-reportasjen frå 1989 – då Kjell Jonevret vann cupen med Viking og Magne Høyland lanserte den kjende supportersangen «Viking e best».

Sjå TV-reportasjen frå 1989 – då Kjell Jonevret vann cupen med Viking og Magne Høyland lanserte den kjende supportersangen «Viking e best».

►ROGALAND RETRO: Sjå TV-innslaget frå 1989.

Viking 1989

Kjell Jonevret som Viking-spelar i 1989.

Foto: NRK

I morgon opnar eliteserien i fotball for Viking. I dette høve ser me tilbake på sesongen 1989, då dagens trenar, Kjell Jonevret, også spelte ein sentral rolle for Stavanger-klubben.

89-sesongen blei starten på ein ny æra for dei mørkeblå. Dei var nyopprykka og vann cupfinalen. I 1991 vann dei serien.

I innslaget, som er laga av Toril Våland og Zbigniew Czaplicki, får me flotte scenar frå Viking-historia, me får Magne Høyland sin Viking-sang og me får enda til ein liten kikk inn i dusjen til Vikingspelarane.

Så vil det visa seg om «Kjelle» har sett sine beste dagar som Viking, eller om det er meir frukter å hausta i dei komande sesongane.

Send inn tips

«Rogaland retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettet.

Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.

Rogaland retro

Kvar fredag legg NRK Rogaland ut eit arkivklipp i serien Rogaland retro.

Foto: Mathias Oppedal / NRK