Hopp til innhold

Ingenting blei gjort trass faglege råd – så kom det store raset

I ein rapport frå 2019 slo geologar fast at det var «betydeleg fare» der raset gjekk i Suldal førre veke. Dei kom med forslag til enkle sikringstiltak, men ingenting blei gjort.

Lovraeidet ras

FØR OG ETTER RASET: Geolog Simon Løvås stadfestar at området i den raude sirkelen er underkanten av bergpartiet som glei ut i vegen. Biletet til venstre er tatt av ein Google-bil i august 2019 og er tilgjengeleg i Google Maps. Biletet til høgre er tatt like etter raset torsdag føremiddag.

Foto: Magnus Stokka/Google Maps

Midt mellom rekka av bilar som køyrde av Hjelmelands-ferja i 10-tida førre torsdag, gjekk eitt av dei største steinrasa på riksveg 13 i Suldal i Rogaland i nyare tid.

Ingen personar blei drepne eller skadde, men det var berre tilfeldig.

Rasstaden ligg på strekninga mellom Erfjord og Sand, eitt strekk som i 2018 blei stemt fram som Noregs tredje verste veg i ei uoffisiell NRK-kåring.

Kartet viser dei største rasa som har gått på riksveg 13 i Suldal dei siste åra.
Raset som gjekk 28. oktober 2021 var eit av dei aller største.
Ras på Riksveg 13
28. oktober i 10-tida
Den største steinblokka vog om lag 80 tonn. Det var nære på for bilar på begge sider av raset.

Rapport: – Betydeleg fare

Dette siste raset ligg like utanfor området kor det er planar om ein fire kilometer lang rassikringstunnel.

Likevel har det blitt gjort vurderingar av geologar også her. Og konklusjonen har vore tydeleg.

Dette er frå ein geolograpport frå 2019:

«Både registrerte skredhendelser og observasjonar tilsier at det er betydeleg fare for steinsprang og/eller nedfall fra skjering på strekningen.»

I rapporten blir det peika på fleire tiltak. Tunnel på vestsida av Lovravatnet blir peika på som den «muligens beste løsningen for hele strekningen mellom Lovra og Lovraeid».

Samstundes blir det slått fast at dei einaste tiltaka som er forholdsvis raske og enkle å få utført er fanggjerde og/eller sikring med bolt og nett.

– Eg støttar geologane som seier det må på plass fleire tunnelar på lenger sikt. Det er også viktig med kortsikte sikringar, fordi me veit det vil gå år før me får tunnelar, seier ordførar i Suldal, Gerd Helen Bø (Sp).

Reinsking ras Lovraeidet

Arbeid med å rydda etter det store raset på riksveg 13 ved Lovraeidet i Suldal torsdag.

Foto: Jarle Halgunset

Veg frå 50-talet

– Me hadde tilrådd tunnel om det skulle blitt bygd ny veg her i dag. Fram til omfattande sikring kjem på plass, vil dessverre faren for nye store skred vera til stades, seier geolog i Statens vegvesen, Simon Løvås.

Vegen blei bygd ut på slutten av 50-talet.

Rasstaden førre torsdag er eit kjent skredområde for Statens vegvesen. Sikring er føreslått og kostnadsrekna til 30 millionar kroner. Dette inkluderer reinsking, bolting og fanggjerde.

Simon Løvås, Statens vegvesen

Simon Løvås er geolog i Statens vegvesen.

Foto: Privat

Området er vurdert til å ha middels skredfaktorkategori, men har så langt ikkje nådd opp i dei økonomiske prioriteringane.

– Samstundes må me få framheva at det har blitt gjort ein god del reinsk og sikring her den siste veka, nettopp for å redusera skredfaren, seier geologen.

Lenge til tunnelen

Den planlagde skredsikringstunnelen vil sikra tre andre skredpunkt i området. To av dei har høg skredfaktorkategori, ein av dei middels.

Men slik planane står nå, vil det ta mange år før tunnelen kan opna.

Den nye samferdselsministeren vil heller ikkje svara på når rassikringsarbeidet vil starta.

– Me prioriterer prosjekt og sikrar etter kvart som det blir stilt økonomiske midlar til rådigheit, seier geolog Løvås.

Sp-topp åtvarar mot planendring

Onsdag var Senterparti-toppen Geir Pollestad på synfaring ved rasområdet. Senterpartiet i Rogaland har sett ned ei eiga gruppe som skal jobba med raskare rassikring i Suldal.

Pollestad er likevel klar på at det er den gryteklare tunnelen i Rødsliane som må komma først, trass i fleire ras også på andre delar av riksvegen.

– Eg vil åtvara mot at me nå legg vekk det som er klart. Det må koma i gang så raskt som mogleg. Parallelt må me planlegga for vidare rassikring.

Senterpartiet på rasbefaring

Varaordførar i Suldal, Øyvind Lovra Tveitane (Sp), ordførar Gerd Helen Bø (Sp) og stortingsrepresentant Geir Pollestad på synfaring ved rasområdet i Lovraeidet onsdag.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Etter raset torsdag sa den nye samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård (Ap), at rassikring «er noe vi skal jobbe med aktivt i årene som kommer».

Vidare uttalte han at regjeringa i Hurdalsplattformen skal utarbeida ein nasjonal gjennomføringsplan for ras- og skredsikring. Dette vil dei gjera saman med fylkeskommunane.

Denne planen skal gjelda alle riksvegar og fylkesvegar med høg og middels skredfare.

Her gjekk det store raset torsdag føremiddag.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg