Hopp til innhold

Første mann på staden etter raset: – Eg er ganske skjelven nå

Svein Tore Edland var første mann på staden etter at svære steinblokker hadde dundra ned på riksveg 13 i Suldal.

Ras i Suldal

Heldigvis var det ingen bilar på vegen her då raset gjekk.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Raset gjekk i 10-tida torsdag mellom Erfjord og Sand ved Lovraeidet og er rundt 10 meter breitt. Ingen personar er skadde.

Svein Tore Edland var første mann på staden.

– Eg er ganske skjelven nå. Eg køyrer her veldig ofte, så det var veldig dramatisk, seier han.

Bilete

Svein Tore Edland var første person på staden etter raset

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Det største raset eg har sett

Vidare fortel ein tydeleg prega Edland at han tenkte på ras medan han køyrde på vegen.

– Eg la merke til både bekkar og fossar nedover fjellsida, og tenkte hele vegen på ras, men tenkte at det skjer ikkje med meg. Så køyrde eg nokon meter til, og der var raset rett framføre meg, seier han.

Sjølv om det var ei sterk oppleving, så er han glad for at ingen blei skadd.

Morten Aarhus, utrykkingsleiar i Haugaland brann og redning, beskriv raset som dramatisk.

– Dette er det største raset eg har sett her nokon gong, seier han.

Det har gått fleire ras på Riksveg 13 i Suldal, men ikkje i dette området.

Morten Aarhus, utrykkingsleiar i Haugaland brann og redning
Foto: Thomas Halleland / NRK

– Dette er en plass ein ikkje har sett noko ras før, men heile denne strekningen frå Erfjord til Sand er jo heilt elendig, seier Aarhus.

Det er ikkje første gong det går ras på dette strekket. Sist gong NRK skreiv om ras her var i juli i år.

Vegen her er heilt sperra av raset. Truleg blir vegen opna igjen laurdag. Politiet sa først at vegen ville vera sperra ei veke.

Ras på Riksveg 13

Dette bilde blei tatt av NRK-reporter Magnus Stokka som var den første på sørsida av raset.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Nå må noko skje

Også varaordførar i Suldal, Øyvind Lovra Tveitane (Sp) vert tydeleg prega av hendinga.

– Vi er veldig prega, rett og slett. Vi kjenner det på kroppen, seier han.

Varaordførar i Suldal, Øyvind Lovra Tveitane

Varaordførar i Suldal, Øyvind Lovra Tveitane (Sp).

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Tveitane har lenge kjempa for å få betre rassikring på vegen.

– Men nå må noko skje, for nå er vi luta leie, seier Tveitane.

Sjølv var han berre nokon få minutt unna raset da det gjekk.

– Då eg kom fram i Sand, og sjekka mobilen så hadde eg kanskje ti tilrop frå kona, seier han.

Tidlegare i år blei det sett av nesten ein milliard kronar for å rassikre strekninga, men arbeidet kan ta fleire år.