Hopp til innhold

Inga løysing i oljestreiken

Streiken i oljeindustrien held fram. Partane hadde eit møte på Riksmeklaren sitt kontor i ettermiddag, men vart ikkje samde og har gått frå kvarandre.

OLJE

Streiken lammar femten prosent av norsk olje- og gassproduksjon.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Hilde Marit Rysst

Hilde Marit Rysst.

Foto: Kent Amar Eriksen / NRK

Etter fire timar i møte gjekk partane i oljeindustrien frå kvarandre. Konflikten er ikkje løyst, og litt over 700 arbeidarar er fortsatt i streik.

Forhandlingsleiar for oljearbeidarane i SAFE, Hilde Marit Rysst seier partane står langt frå kvarandre.

– Me må berre konstatere at det er stor avstand mellom partane, og at situasjonen er like fastlåst som tidlegare i dag, seier ho.

– Låste på kvar vår side

Både arbeidsgjevarsida og arbeidstakarsida var positive då møtet byrja, og begge sider hadde fleire forslag til løysningar.

Samstundes understrekte begge partane det at det framleis er grenser for kor langt de vil strekka seg.

Då dei kom ut frå meklinga onsdag kveld var det klart at dei ikkje hadde kome fram til ei løysning:

– Det me ikkje har blitt samde om er som vanleg striden om pensjonsavtale. Her er me tydelegvis heilt låste på kvar vår side, seier Rysst til NRK.no.

Det store stridsspørsmålet er pensjonsrettigheiter. Fagforbunda krev å få behalda tilleggspensjon frå fylte 62 år, medan OLF meiner dei ikkje har mandat til å inngå pensjonsavtalar utover reglane for avtalefesta pensjon.

– Me har firt veldig mykje og både gitt bort kroner og prinsipp. For å få til å ivareta dei eldre tilsette har me nå endå til gått med på å bruka av eit fond som høyrer til arbeidstakerane. Dermed vil det ikkje kosta arbeidsgjevarane nokon ting, seier ho.

Mange premiterte

Streiken rammar 15 prosent av norsk olje- og gassproduksjon. Arbeidsgjevarsida meiner den fører til eit inntektstap på 200 millionar kroner dagen.

Fagforbunda på si side meiner selskapa og samfunnet ikkje tapar på at olja blir liggande framfor å bli pumpa opp.

Men også underleverandørane blir ramma av streiken. Så langt er 150 personar permiterte.

Men ifølgje direktør i NAV Rogaland, Truls Nordahl, kan talet nå auka raskt.

– Det er nok ein viss nervøsitet hos arbeidsgjevarane nå, mange kontaktar oss og spør kva dei må gjera om dei kjem i ein situasjon der dei må permitera tilsette.

– Full støtte i havet

Hilde Marit Rysst seier konflikten kan vare ei stund.

– Konflikten fortsetter og me har full støtte ute i havet, så det er ikkje noko problem for oss å fortsetje. Berre styresmaktene held fingrane frå fatet, så held me ut, seier ho.

Ho legg til at dei har gjort eit moderat uttak og at det ikkje er fare for liv og helse. Difor må myndigheitene halde seg unna, seier ho.

Gro Brækken, Leif Sande

Gro Brækken, administererande direktør i Oljeindustriens Landsforening (OLF), og Leif Tande, Forbundsleiar i Industri Energi.

Foto: Kent Amar Eriksen / NRK