Hopp til innhold

– Når folk er snille med deg, gir ein tilbake

Noreg er eit av dei lukkelegaste landa i verda. I Rogaland er det ein stad dei er litt lukkelegare enn i resten av fylket.

Ryfylkelykke. Therese Nordbø og Eline Øydvin

Therese Nordbø og Eline Øydvin smiler for at heimstaden skårar høgt på lukke.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Resultat frå fjorårets folkehelseundersøking i Rogaland er presentert. Og Ryfylke skil seg ut av regionane i fylket.

Det er Folkehelseinstituttet (FHI) som står bak undersøkinga i alle fylka.

– Vi har ikkje mykje å klage over, vi har litt annleis haldningar og tankesett enn andre stader. Også stolar vi på kvarandre og ser det beste i folk, seier Therese Nordbø.

Ryfylke skårar høgst på lykke. Therese Nordbø og Eline Øydvin

Therese Nordbø og Eline Øydvin.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Nordbø peikar også på at det er mange som vil flytte tilbake igjen til Ryfylke. Og trur at det har noko å seie for trivselen.

– Alle smiler og seier hei til kvarandre, og når folk er snille med deg, så gir ein tilbake, seier Nordbø.

Forundra over høg skåring

I Ryfylke er det fleire som er tilfreds med livet, tilhøyrsle, tryggleik i nærmiljøet og fleire opplev at det er ei meining med livet.

Dei skårar også lågt gjennomsnittleg på einsemd.

– Det som forbausar meg er at Ryfylke skårar høgt på så mange faktorar og under gjennomsnittet på einsemd, seier Leif Edvard Årø, seniorforskar ved FHI.

Han trur at noko av årsaka kan vere at Ryfylke ligg litt mindre sentralt. Han er likevel forundra over at ein bestemt del av Rogaland kjem betre ut enn dei andre delane.

Kart over Ryfylke i Rogaland.

– Noreg kjem gunstig ut, vi har høg livskvalitet. Men Ryfylke kjem endå meir positivt ut med gode kvalitetar, seier Årø.

Minst lukkelege i Norden

FHI offentleggjer ikkje resultata frå alle fylke samstundes. Så langt er folkehelseundersøkingar for Rogaland, Agder og Innlandet klare. I Agder fann dei at fleire slit med psykiske plager.

Rapporten frå Innlandet viste at det var relativt lite variasjon mellom regionane. Der var det ei skåring på 7,3 av 10 når det gjeld tilfredsstilling i livet.

I Rogaland var snittet 7,1. Resultata frå Ryfylke var 7,45.

– Beste staden i verda

– Det er beste staden i verda, seier Daniel Nedrebø Gjertsen frå Sjernarøy i Ryfylke.

Daniel Nedrebø Gjertsen

Daniel Nedrebø Gjertsen er stolt over den høge skåringa til Ryfylke.

Foto: Privat

Han seier gode naboar spelar inn på den høge skåringa.

– Eg er stolt. Dette viser kor bra vi har det i Ryfylke. Vi har eit godt samhald. Det er utruleg kjekt med så mange gode naboar som alltid stiller opp, og Ryfylke er ein stad ein vender tilbake til, seier Gjertsen.

I Rogaland som heilskap auka einsemda frå 9,8 prosent i 2019 til 14 prosent i 2023.

Andelen som melder om at økonomien er vanskeleg å få økonomien til å strekke til, har auka frå 16,5 prosent i 2019 til 25,5 prosent i 2023.