Hopp til innhold

Nye tal om innvandrarar i jobb: – Nå blei eg stolt på innvandrarane sine vegne

I over 20 prosent av kommunane her i landet er det forholdsvis fleire innvandrarar i jobb enn norskfødde.

Daglig leder i Suldal Bad Bonolo Ramphomane Aandahl

Bonolo Ramphomane-Aandahl, kjem frå Soweto i Sør-Afrika.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

I 2010 kom Bonolo Ramphomane-Aandahl til Suldal kommune i Ryfylke. Ho hadde fått jobb som sandvolleyball-trenar på den vidaregåande skulen.

For to år sidan starta ho i jobben som dagleg leiar for det nye badeanlegget, Suldal Bad.

Ho er ei av innvandrarane til kommunen som gjorde at det var forholdsvis fleire innvandrarar i jobb der i 2019, enn tilfellet var med dei norskfødde innbyggjarane.

Andelen innvandrarar i jobb i Suldal kommune i 2019 var 71,1 prosent. Andelen norskfødde i arbeid var 70,8 prosent.

Også polske Dariusz Michalek har slått seg ned i Ryfylke. I 2014 kom han til Hjelmeland Spahotell som kjøkkensjef. Han hadde då jobba fleire år på restaurantar i London.

Sju år seinare opnar han og kona sin eigen servering- og overnattingsstad, Utsikten Motel i Hjelmeland.

Dariusz Michalek, eigar av Utsikten Motel i Hjelmeland.

Dariusz Michalek kom til Hjelmeland som kokk på eit hotell. Nå har familien kjøpt sitt eige motel.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Då har dei jobba i to år med oppussing av det raudmåla bygget, som tidlegare heitte Utsikten Kro

I 2020 var det 70,8 prosent av innvandrarane i Hjelmeland som var i arbeid. For den norskfødde delen av innbyggjarane var prosenten 70,5.

Mange har det slik

I 74 av dei 365 norske kommunane er det prosentvis fleire innvandrarar enn norskfødde som er i jobb, seier seniorforskar Knut S. Vareide i Telemarksforsking.

Kommunane er spreidde over heile landet, men med overvekt av kyst- og øykommunar i nord og vest.

Træna på Helgelandskysten og Kvitsøy i Rogaland hadde aller høgast arbeidsdeltaking blant innvandrarane i 2020. Men også Frøya og Hitra utanfor Trøndelag er eksempel på slike stader.

Knut Vareide, Telemarksforskning, den store folkevandringa

Seniorforskar Knut S. Vareide i Telemarksforsking har studert tala for kor mange innvandrarar som er i jobb.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes

– Dette er kommunar som har behov for mykje arbeidskraft, og det er arbeidsinnvandrarane som gjer at innvandrarane er i fleirtal på arbeidsmarknaden, seier Vareide.

Han understrekar at arbeidsdeltakinga for flyktningar og asylsøkjarar er lågare. Spesielt gjeld det dei med kort butid.

Men likevel er altså snittet for heile innvandrargruppa høgare enn for den norske befolkninga, i over 20 prosent av dei norske kommunane.

Tala overraskar

Bonolo Ramphomane-Aandahl blir overraska når ho høyrer at det var prosentvis fleire innvandrarar i jobb enn norskfødde suldølar i 2019.

– Nå blei eg stolt på innvandrarane sine vegne, seier ho.

Suldal Bad på Eide på Sand

Suldal Bad på Eide på Sand. der Bonolo Ramphomane-Aandahl er dagleg leiar.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Bonolo meiner også at kommunen har eit godt mottaksopplegg for flyktningar og asylsøkjarar. Fleire av dei får det første møtet med norsk arbeidsliv i praksisjobb på Suldal Bad.

Introduksjonsprogrammet bidrar

Suldal, og fleire andre distriktskommunar, treng fagarbeidarar. Med dei rette kvalifikasjonane går det greitt å få seg jobb.

Portrettbilde av Kaspar Nilsen, leiar av Introduksjonsprogrammet i Suldal kommune

Leiar for introduksjonsprogrammet i Suldal, Kaspar Nilsen

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Flyktningar og asylsøkjarar kjem vanlegvis inn i arbeidslivet gjennom eit introduksjonsprogram over to år.

– Dei får mellom anna tilbod om både språk- og arbeidspraksis i forskjellige bedrifter, fortel Kaspar Nilsen i Suldal kommune.

Ennå står det att mykje hardt arbeid

Dariusz Michalek frå Polen peikar på si side på at innvandrarar må jobba mykje for å bygge opp eit trygt liv for seg og familien, når dei kjem til eit nytt land.

Det trur han er deler av grunnen til at så mange med innvandrarbakgrunn er i jobb i Hjelmeland kommune.

Utsikten Motel i Hjelmeland. Tidlegare Usikten Kro.

Den 15. mai opna Utsikten Motel i Hjelmeland. Eit bygg som Dariusz Michalek har brukt lang tid på å pusse opp.

Foto: Dariusz Michałek

– Kona mi og eg jobbar gjerne både kveld og helger for å få eit levebrød ut av Utsikten Motel, seier han.