Hopp til innhold

HRS: – Me førebudde oss på det verste

Då mayday-meldinga kom laurdag ettermiddag, trykte Hovedredningssentralen på «den raude knappen». – Samvirket i norsk redningsteneste er heilt spesielt, oppsummerer HRS etter dramaet.

Viking Sky

Hovudredningssentralen i Sør-Noreg måtte førebu seg på det verst tenkelege scenariet, sjølv om redningsarbeidet gjekk bra.

Foto: Åse Grete Farstad

– Når du får inn ei slik melding – frå eit cruiseskip under dei vêrforholda – er det ikkje noko å tvile på. Då gjaldt det å berre få ut så mange ressursar me klarte, seier redningsleiar Trond Bjørnøy.

Han ein av to redningsleiarar til stades på Hovudredningssentralen i Sør-Noreg då cruiseskipet Viking Sky sendte ut mayday-signalet klokka 14 laurdag ettermiddag.

– Me starta med den situasjonen me hadde, men måtte samstundes førebu oss på at det aller verste kunne skje. Dette har me trena på, seier redningsleiar Cecilie Øversveen.

HRS på Sola

Frå dette kontrollrommet på Sola i Rogaland blei redningsoperasjonen styrt.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

– Private helikopter var avgjerande

Det kunne gått så mykje verre. Cruiseskipet dreiv fort, og på det nærmaste var Viking Sky om lag 100 meter frå å gå på grunn.

– Det hadde fått enormt stor verknad for redningsaksjonen, seier operativ ingeniør Andreas Bull ved HRS.

Andreas Bull, HRS

Andreas Bull seier ei grunnstøting ville tydd mykje for redninga.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

– Var det nok ressursar?

– For å løyse oppdraget her og no, ja. Men det var ein spesiell situasjon med at berre helikopter kunne kome til. Langs norskekysten kunne det vore fleire slepebåtar og meir beredskap for fartøy, men det skal noko til å dekkje ein så langt kyst, seier Bull.

Då også ni personar måtte reddast frå lastefartøyet Hagland Captain i 19-tida, eskalerte situasjonen.

Cecilie Bjørnøy

Cecilie Bjørnøy seier HRS var godt førebudde på ein slik situasjon.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

– Denne motorstansen i seg sjølv var jo ei alvorleg hending. Ressursane var ganske nær, men tok jo ressursar frå ein annan aksjon. Men her fungerte det godt, seier redningsleiar Cecilie Øversveen.

Både redningsleiarane og Bull trekk fram samarbeidet mellom den private offshoreindustrien, og helikoptera derifrå, og HRS.

– Innsatsen til CHC sine SAR-helikopter var heilt avgjerande. Desse og 330-skvadronen sine helikopter gjorde ein uvurderleg innsats, seier redningsleiar Trond Bjørnøy.

Hyllar norsk samvirke

På søndag føremiddag kunne leiarane på Hovedredningssentralen senke skuldrene noko. Først då var slepefartøyet kopla trygt til Viking Sky, og det kunne gå mot land.

– Samvirket i norsk redningsteneste er heilt spesielt. Dette tar me med oss, og byggjer vidare på, seier Cecilie Øversveen.

Det har vore dramatiske situasjonar i norsk farvatn tidlegare, men helgas drama er unikt i norsk redningsteneste.

– Det er spesielt med det store talet personar som var ombord. Også internasjonalt er det unikt med tanke på kor mange som blei redda med helikopter, oppsummerer Trond Bjørnøy.