Hopp til innhold

Høie: Lobbyfiasko!

I går blei organisasjonskartet til Statoil-Hydro lagt fram. Lobbyen til Rogalands-politikarane har vore ein fiasko, meiner Bent Høie frå Høgre.

 - Slik som det ser ut nå, har  Regjeringen halde Rogaland, Stavanger og ikkje minst eigne poltikarar for narr, seier Bent Høie, stortingspolitikar frå Høgre.

- Regjeringa har gjort inntrykk av at dei ville skjera gjennom og sikra eit samla hovedkontor for Statoil/Hydro til Stavanger, men mykje tyde på at det har dei ikkje gjort, påstår Høie.  

Bent Høie
Foto: Falch, Knut / SCANPIX

 

Frp er enige

Ketil Solvik Olsen representerer Framstegspartiet og han er enig med Høie:

 -  Det Rogalansdspolitikarane frå regjeringspartia har oppnådd er  bortimot  ingenting.  Bortsett frå å laga massevis av støy i media.

- Når du ser på resultatet så har arbeidet  vore bortkasta, seier han.

Ventar på proposisjonen

- Dette er feil. Rogalandsbenken har blitt høyrt i Statoil/Hydro-saka, seier Tore Nordtun, arbeiderpartipolitikar på Stortinget.

- Det har vore veldig viktig å synleggjera Rogaland sine meiningar på ein ryddig måte, og det er heilt klart at hovedkontoret kjem til å bli lagt til Stavanger, seier han.

Odd Kristian Reme
Foto: Torunn Tørneng / NRK

 Også sentralstyremedlem i Ap, Odd Kristian Reme, er klar på dette punktet:

- Ja, eg meine at eg har gode grunnar til å forventa at hovedkontoret blir lagt til Stavanger og at det står tydeleg i den komande Stortingsproposisjonen. 

- Kritikarane bør smøra seg med tolmod til proposisjonen kjem, seier Reme.

Stadig mindre truverde

Bent Høie held fast på at det har vore mange store ord og eit resultat for Rogaland lik null.

- Nå hevdar stadig regjeringa og olje og energiministeren at dei skal sikra hovedkontoret til Stavanger, seier Høie. 

- Men truverde til dette blir mindre og mindre, for det verkar ikkje som det er nokre andre som trur på det, avsluttar han.