Hopp til innhold

Nektar å gi opp ferje til fordel for rekordtunnel

Sjølv om bygginga av verdas lengste undersjøiske vegtunnel er i full gang, kjempar mange for at den ikkje skal erstatta det eksisterande ferjesambandet over Høgsfjorden i Rogaland.

MF «Finnøy»

MF «Finnøy» trafikkerer i dag i Høgsfjordsambandet. Staten har opna for privat ferjedrift også etter Ryfast-opninga i 2019.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Ole Tom Guse

Ole Tom Guse er tidlegare ordførar i Forsand, og er imot at sambandet mellom Lauvik og Oanes skal leggast ned etter Ryfast-opninga. Han er styremedlem og pressetalsmann for det nye selskapet Høgsfjord Rutelag.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Så lenge det finst eit ønske om å behalda ferja så ønsker me å koma i posisjon til å driva ferja sjølv, eller finna andre som kan driva den, seier tidlegare ordførar i Forsand kommune Ole Tom Guse.

Han har vore med på å oppretta selskapet, Høgsfjord Rutelag, som skal arbeida for framleis ferjedrift på Høgsfjorden når Ryfast opnar om tre år.

Kor realistisk det er for ei lita ferje å ta opp konkurransen mot ein giganttunnel er noko av det første det nye selskapet skal sjå på.

– Det blir ein omveg og ei ulempe

– Det er ein lang veg å gå. Målet nå er å finna ut om det er fagleg og økonomisk grunnlag for å driva det. Det er ein ting å ønska det, men det er noko anna å kunne gjennomføra det. Det er ingen som vil driva ei ferje dersom den ikkje går med økonomisk overskot, seier Guse.

Ryfast skal binda saman Nord-Jæren og Ryfylke med ein tunnel på 14,3 kilometer. Det blir den lengste undersjøiske tunnelen for bilar i verda, og den skal erstatta ferjesambandet mellom Stavanger og Strand i tillegg til ferjesambandet mellom Sandnes og Forsand. Det nye selskapet kjempar for å bevara det sistnemnde.

– For ein del av brukarane vil det bli ein omveg og ei ulempe den dagen ferja legg ned. Ikkje minst vil det gjelda turistnæring, seier Guse.

Ryfast

Bra for Lysefjord-turistane

Han meiner at sommaren har vore eit godt døme på dette, med alle som reiser inn til Lysefjorden.

– Alle skal sjå Lysefjorden, og alle skal sjå Preikestolen, fleire av desse kjem sør frå, og då er høgsfjordsambandet den enklaste måten å koma seg inn på, seier Guse.

Han seier at det finst mange krefter som ønsker ferja.

– Me høyrer jo på dei politiske signala som har vore i Sandnes og i Forsand, om at det finst politikarar som ønsker å jobba for at ferja skal halda fram med å gå. Me har også næringslivsaktørar på begge sider av fjorden som ønsker at ferja skal halda fram. Me satsar på at me skal klara å få dei med på laget i neste runde når det kjem til det økonomiske og andre former for drift.

Dei har allereie klarert med staten at dei kan driva privatferje dersom dei ønsker det.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg