Hopp til innhold

Her har dei omvendt adventskalender

700 barneskuleklassar over heile landet med på ein omvendt adventskalender, der målet er å samla inn pengar til flytande skular i eit lite land nesten på andre sida av jordkloden.

Omvendt advenstskalender

VIDEO: Sjå tv-reportasje om elevane som er med på omvendt adventskalender på Hana skole.

– Me synst det er viktig at elevane lærer å gi i adventstida, ikkje berre at dei får, seier lærar Heather Jourdan ved Hana skole.

Klokka er kvart over åtte og det er morgonsamling for tredjeklasse på skulen. I tillegg til song og lystenning, blir det også sett av tid til å visa ein video frå Bangladesh og snakka om korleis barna har det der.

Tredjeklassen ved Hana er ein av om lag 700 barneskuleklassar i landet som er med på bistands- og informasjonsorganisasjonen «Hei Verden» sin omvende adventskalender.

– Kjekt å vera med

Her får elevane bli med på ei reise til Bangladesh kvar skuledag i desember. Fokuset er å gi – ikkje å få. Og gjennom å samla inn pengar ved for eksempel å hjelpa til i heimen, samlar elevane inn pengar slik at fleire kan få gå på skule i det fattige landet.

– Det er kjekt å vera med å gi til ungane i Bangladesh. Me lærer om landet og at dei er fattige, seier elev Tuva Monsen.

– Dei er fattige og det bli fort flaum, seier klassekamerat Kristian Haugseng.

Støttar båtskular

Regntida i Bangladesh gjer at elvane fløymer over og blir til store innsjøar. Mange barn har ikkje sjanse til å gå på skule store delar av året fordi landsbyane deira blir isolerte frå omverda.

Gjennom den omvende adventskalenderen støttar elevane flytande skular der elevane får undervisning i båtar.

Organisasjonen «Hei Verden» opplever at interessa for å vera med på adventsprosjektet er aukande for kvart år.

– Eg trur lærarane vil vera med på å endra fokus frå å få til å gi. Me bur i eit land der dei fleste har meir enn dei treng, så derfor er det viktig å tenka at me kan dela og hjelpa andre, seier Christine Midbøe, dagleg leiar i «Hei Verden».

  • Sjå introduksjonen til Bangladesh og omvendt adventskalender her: