Hopp til innhold

Her er det ingen snø, men forbode å parkere på grunn av aking

Velkommen til den kanskje mest optimistiske kommunen i landet. Her stenger dei akebakkar for parkering sjølv om det kanskje ikkje kjem snø.

Frå venstre Endre Høydal, Sander Eskeland og Ludvig Biesel i akebakke utan snø i Stavanger

Frå venstre Endre Høydal, Sander Eskeland og Ludvig Biesel i ein akebakke utan snø i Stavanger. Men kjem snøen, er dei klare. Skiltet er allereie oppe.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Viss du er frå store delar av landet, kan det høyrest usannsynleg ut. I alle fall viss du gløymer ein nyheit, då. Men ungar i Stavanger, store delar av Rogaland og fleire stader i Noreg må kvart år førebu seg på det som for andre er utenkeleg.

At det ikkje kjem snø denne vinteren.

Heller.

Akebakke utan snø i Stavanger

Slik pleier akebakkane i Stavanger å sjå ut. Anten det er desember, mars eller juni.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

I alle fall ikkje mykje.

Og ikkje slik snø som blir liggande i fleire dagar.

Likevel har Stavanger kommune vald å stenge for parkering rundt seks bakkar som ungar (og nokre vaksne) kan komme til å ake i.

Viss det kjem snø, då.

Optimistkommune i minst tre månader

– Vi ventar vel alle i spenning på når snøen kjem, så vi kan ta fram akebrettet. Vi er like spente som alle ungane, seier Dagfrid Persdatter, trafikkansvarleg i Stavanger kommune.

Dagfrid Persdatter, trafikkansvarlig i Stavanger kommune

Dagfrid Persdatter, trafikkansvarleg i Stavanger kommune.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Skilta om parkeringsforboda blei sett opp 1. desember og gjort kjente på kommunen si nettside (ekstern lenke).

Og skilta skal stå oppe minst til februar er over.

– Skiltinga varer i første omgang tre månader. Så kan ein forlenge viss det er snø, seier ho.

Ho seier kommunen ikkje vil det skal stå bilar i bakkar som er populære å ake i viss snøen plutseleg kjem. For viss den kjem, kan det skje brått.

Og det kjem kanskje ikkje så mykje. Eller blir liggande så lenge.

Kanskje ikkje ein gong lenge nok til at alle rekk å flytte bilane sine.

Før det igjen er borte.

Akebakke utan snø i Stavanger

Ungar i Stavanger er vane med å leike med ball og sykkel heile året, i alle fall mange år.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Så langt har ikkje kommunen fått sinte meldingar. Rett før ho snakkar med NRK, fekk ho telefon frå ein som lurte på kor ein nå skulle parkere.

Persdatter blei møtt med forståing då ho svarte.

– Ungane skal få bruke dette når snøen kjem, seier ho.

Parkerer berre ein annan stad

Denne saka skulle også hatt fleire sinte vaksne som var opprørte over at bilen ikkje kunne stå der den pleier.

Det fann ikkje NRK.

Tone Meling Bugge

Tone Meling Bugge.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK
Espen Hana

Espen Hana.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Det er ikkje noko problem. Vi parkerer berre i sidegatene, seier Tone Meling Bugge, som bur ved sidan av ein av bakkane kor det nå er parkeringsforbod.

Ho seier dei tidlegare har passa på å flytte bilen med ein gong snøen kjem, slik at det ikkje blir snøfrie flekkar der bilen har stått.

– Når det er snø, er det ikkje innetider og leggetider som vanleg. Då er det berre å bruke dagane, seier ho.

Espen Hana er heller ikkje sur.

– Vi manglar berre snø. Som regel manglar det snø, seier han.

Og han er kanskje ikkje den største optimisten.

– Vi har akebakke og akelov. Det må halde, det.

Les også Kampen om skiføret

Her legger Per Arne og kollegaen en plast()duk over isbreen for å bevare breen.