NRK Meny
Normal

Her er bustadsalet halvert på eitt år

Sandnes er hardast råka av nedgangen i bustadmarknaden. I tillegg til størst prisnedgang blir det nå seld 50 prosent færre bustader enn på same tid i fjor.

Sandnes sentrum

SANDNES: Kanskje ikkje uventa at oljesmurte Sandnes og Stavanger er byane i Norge som er hardast råka av nedgangen på bustadmarknaden.

Foto: Øystein Otterdal/NRK

– Dette kan bety at det er mange som sit på gjerde, at det er mange som ikkje vil kjøpa nytt før dei får seld det gamle først og at mange sit på bustaden sin til dei får den prisen dei vil ha, seier Regionsjef i Eiendomsmegler 1, Rune Bertelsen.

I dag kom tal frå Eiendom Norge, som syner ein gjennomsnittleg prisnedgang på 1,2 prosent i landet. Nedgangen er størst i eit Rogaland som er hardt råka av nedgangstider i dei oljerelaterte næringane.

Verre i Rogaland

Både i fylket som heilskap og i Sandnes og Stavanger er nedgangen på 2 prosent.

Rune Bertelsen

Rune Bertelsen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det var venta at prisane skulle gå ned, men når ein ser at også landstala går ned med 1,2 prosent er det ikkje urovekkande gale for Rogaland, men utviklinga her er verre, seier Bertelsen.

Håper at marknaden stabiliserer seg

Det han meiner er meir oppsiktsvekkjande er talet for sal av bustader. I Stavanger blir det nå seld 30 prosent færre bustader enn på same tid i fjor, og i Sandnes har talet på selde bustader blitt halvert.

Er dette starten på noko som kan bli verre?

– Eg ser ikkje vekk frå at me kan få nokre månader framover også der prisane går ned, men eg håper og trur at det snart skal stabilisera seg, seier han.