Hopp til innhold

Henrik Ingebrigtsen om Gjert: – Etter så mange år gjekk det ikkje lenger

Storebror Henrik Ingebrigtsen (31) har fått meir ansvar og ei utvida rolle i «Team Ingebrigtsen». Han vil at Gjert berre er far og bestefar framover.

Høydetrening for Team Ingebrigtsen.

Henrik Ingebrigtsen håper pappa Gjert kan konsentrere seg om på farsrolla framover.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

I starten av februar blei det kjent at Gjert Ingebrigtsen var sjukemeld og trappar ned som trenar for «Team Ingebrigtsen».

Pappa Gjert har vore heilt sentral i suksessen til dei tre friidrettssønene sine og blei kåra til Årets trenar under Idrettsgallaen i 2019.

I det siste har han ikkje hatt noka rolle i treningskvardagen til løpebrørne frå Sandnes. Det vil han heller ikkje framover, seier Henrik Ingebrigtsen til VG.

– Men eg håpar at han litt fram i tid, når ting får roa seg med tanke på trenarrolla, at han kan gå opp i farsrolla, seier han.

Han seier at han ser fram til at faren berre er far.

– Han er pappaen vår. Vi har enormt mykje å takke han for, som far og trenar. Men til slutt kjem han og vi til punktet der vi og han må velje: far-son eller trenar-utøvar. Etter så mange år i begge roller gjekk det ikkje lenger. Vi meiner det er best for alle at han berre er far og bestefar. At han blir verdas beste på det òg, siger Henrik Ingebrigtsen.

Trur på VM-gull for veslebror

Med Gjert på sidelinja tar storebror Henrik meir ansvar. Han er blitt ein slags lagleiar, skriv Stavanger Aftenblad.

– Det kan du godt seia, ja. Vårt fokus er på det sportslege og då er det naturleg at Jakob blir skjerma og blir hjelpt så godt som mogleg, seier Henrik Ingebrigtsen til avisa.

31-åringen fortel at det blir ei administrativ rolle og at dei har god kontroll på det sportslege.

– Det er ikkje så mykje som har endra seg. Me har ein plan og eit opplegg me trur kjem til å fungera, seier Henrik Ingebrigtsen til Aftenbladet.

Alt til helga er det klart for innandørs-VM i serbiske Beograd. Veslebror Jakob (21) er den einaste frå friidrettsfamilien på startstreken. Han spring for gull på 1500 meter.

– Jakob ser uforskamma bra ut. Han skal til Serbia for å henta det VM-gullet, seier lagleiar Henrik til avisa.

h4LGTX2-CTg

Jakob Ingebrigtsen sprang inn til eit historisk OL-gull på 1500 meter i Tokyo i fjor sommar. Vinnartida blei raske 3.28,32. Det er både europeisk rekord og olympisk rekord.

Foto: JEWEL SAMAD / AFP

Tilbake frå skade

Berre for ein snau månad sidan smadra Jakbob verdsrekorden på 1500 meter innandørs, og i fjor sommar leverte han ein av tidenes norske idrettsprestasjonar: OL-gull på 1500 meter.

Sjølv er Henrik på veg tilbake frå hamstringsskade og merkar betring for kvar økt. Filip er i gang med normal trening etter koronasmitte.

Henrik sesongopnar om ein månad på Bislett.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg