Hopp til innhold

Helge­buketten din har reist heilt frå Afrika – nå ønskjer bransjen fleire kortreiste blomar

Kortreiste snittblomar er sjeldan vare i Noreg. Blomebransjen og Gartnerforbundet ønsker seg fleire, men då må fleire våga.

Georginer, Ingebjørg Finnesand

Ingebjørg Finnesand er ein av få snittblom-dyrkarar i Noreg.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Eg har alltid vore veldig glad i hage og veldig glad i å dyrke. Kvart år har eg dyrka meir og meir, seier Ingebjørg Finnesand.

Ho er eigentleg sauebonde, men i år har georginane blitt ei ekstrainntekt for rogalendingen.

For snittblomar trivst ekstra godt i den norske jorda, seier ho.

– Særleg her på Sør-Vestlandet har vi gode forhold for å dyrke snittblomar. Og sesongen er veldig lang.

Men produksjonen av snittblomar har gått gradvis ned sidan 2005, viser tal frå Landbruksdirektoratet (ekstern lenkje).

Georginer, Ingebjørg Finnesand

Ingebjørg Finnesand er ein sjeldan blomar.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Heier på dei som tør

Ein av grunnane er at vi importerer det meste av snittblomar frå Nederland og Afrika.

I 2008 blei import på blomar frå såkalla MUL-land fjerna. Dette fekk særleg fart på importen av snittblomar, viser ein rapport frå NUPI.

Men både blomebransjen og Gartnerforbundet ønsker at fleire skal dyrke snittblomar i Noreg.

– Vi synest det er veldig synd at produksjonen har ramla såpass mykje. Vi opplever at den norske blomeproduksjonen representerer kort reiseveg, lågt utslepp, samt friske og sunne planter som er tilpassa norsk klima.

Arne Kristian Kolberg

Generalsekretær i Norsk Gartnerforbund, Arne Kristian Kolberg.

Foto: Ina-Kristin Lindin / NRK

Det seier generalsekretær i Gartnerforbundet, Arne Kristian Kolberg. Han peiker på at også den norske forbrukaren er opptatt av norskproduserte blomar.

– Vi ser at norske forbrukarar ser verdien av å ta hand om arven vi faktisk har. I miljø der butikkar vel å prioritere norsk, vel forbrukarane norskproduserte blomar. Men det er det mange som ikkje har anledning til, og det er synd.

Sjekkar du om blomane du kjøper er frå Noreg? 💐

Han meiner det er plass til fleire produsentar.

– Så klart er det ønskeleg, men det krev at dei som sel blomar også prioriterer og vel norske blomar.

Blomegrossisten Blomsterringen har seks sals-og distribusjonsanlegg i Midt- og Sør-Noreg.

Administrerande direktør Gudmund Baustad seier de heier på de som ønsker å starte norsk produksjon.

– Det er kjempepositivt med norsk produserte blomar og fleire produkt inn, og eg trur også forbrukarane i Noreg føretrekkjer å kjøpe norsk når de får valet, seier Baustad og legg til:

– Så må ein ha nokon gründerar som vil og tør å stå i det. Då skal vi heie og kjøpe.

Kortreiste blomar er «koneporno»

Ingebjørg Finnesand finn framleis leveringsklare blomar i beda sine. Sjølv om vi er langt ute i oktober.

Desse leverer ho til Bente Molde Husebø på Muségata blomar i Stavanger.

Bente Molde Husebø og Ingebjørg Finnesand

Bente Molde Husebø setter pris på blomane frå Ingebjørg Finnesand.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Butikkeigaren viser fram bukettane i butikken. Varene kjem stort sett frå Nederland og Afrika.

Men nå også frå Mosterøy.

Ho set stor pris på dei kortreiste blomane. Før var det mange lokale blomeprodusentar som leverte blomar til butikken hennar.

I dag er det berre Ingebjørg Finnesand.

– Vi blir seriøst glade når vi får dei kortreiste produkta. Det er veldig vanskeleg å få tak i kortreiste blomar, seier Husebø.

Og georginane frå Mosterøy blir ikkje ståande lenge i butikken.

– Det er rett og slett koneporno, ler Bente.

– Koneporno?

– Ja, med ein gong vi legg dei ut kjem dei springande, seier ho.

Og dei populære blomane skal det bli fleire av. Finnesand har bestemt seg for å ekspandere.

– Neste år blir det dobbelt så mange blomar, seier ho.

Georginer

Både Gartnerforbundet og Blomsterringen meiner de norskproduserte blomane må prioriterast.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK