Hopp til innhold

Har halvert matsvinnet på få år

– Å redusera prisen på varer som snart går ut på dato har slått svært godt an, seier regionsdirektør i Rogaland Dag Ove Aksland.

Dag Ove Aksland

Coop på landsbasis sel varer som snart går ut på dato for 800 millionar kroner i året.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Eg synest det er greitt for oss pensjonistar. Vi får litt meir ut av pengane, seier Birgitte Mosvik, éin av kundane på Coop.

Medan regjeringa er i gang med å greia ut ein ny matkastelov har Coop klart å redusera matsvinnet sitt med 50 prosent, ifølgje regionsdirektør for Coop i Rogaland Dag Ove Aksland.

Birgitte Mosvik

Birgitte Mosvik er blant kundene som handler varer som er i ferd med å gå ut på dato.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Det handlar mykje om haldningar, også hos forbrukarane, og me ser ei haldning der det har blitt meir inn å kjøpe matvarene som er redusert i pris på grunn av datoen, seier Aksland.

Nå sel Coop på landsbasis varer som snart går ut på dato for 800 millionar kroner i året.

– For eit par år sidan var det same salet på 400 millionar kroner, seier Aksland.

Han seier at dei også jobbar med bestillingssystemet for å få ned matsvinnet.

Handlekurv.jpg
Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix