Hopp til innhold

Nei, eg er ikkje sur. Eg berre ser sånn ut

Har du nokon gong fått høyra at du ser sint ut, når du eigentleg berre slappar av? Då kan du fort lide av «resting bitch face». Og du er ikkje åleine.

Marie Håland er normal

Trykk for skrapemodus

Skrap og sjå: Slik eg ser ut versus korleis eg trur eg ser ut

Ole Andreas Bø

Det var jubelstemning i redaksjonen. Peder Kongshaug frå Stavanger tok OL-gull.

Alle var glade, og OL-feberen vart filma og lagt ut på nett.

Og då såg eg meg sjølv. Eit surt ansikt midt mellom ivrige kollegaer. Det såg ut som eg heia på ROC.

Då måtte eg fram med unnskyldinga mi. At eg lid av resting bitch face.

«Kan du ikkje smile litt meir?»

Urban Dictionary definerer resting bitch face som ein person, oftast ei jente, som naturleg ser slem/sur ut når ansiktet er uttrykkslaust utan at det er meininga.

Uttrykket har vore kjend ei stund, og har mellom anna kjente ansikt knytt til seg som skodespelar Anna Kendrick. Ho får ofte spørsmål om ho ikkje kan smile meir.

Laster Twitter-innhold

Men også oss vanlege dødelege menneske får kommentarar på ansiktet vårt.

Ane Bamle Tjellaug (36) har sjølv resting bitch face, eller «kvilande hurpetryne» som ho sjølv så fint kalla det.

Ane Bamle Tjellaug

– Eg går ikkje rundt og smiler mykje, men meir ubevisst så kompenserer eg for det, seier Ane Bamle Tjellaug om det å ha eit «resting bitch face»

Foto: Joakim S. Enger.

Sjølv har ho skrive ein kommentar i Vårt Land om akkurat dette.

– Dette var av personleg erfaring. Ofte trudde folk eg var sur då eg hadde nøytralt ansiktsuttrykk. «Går det greitt?», har folk spurt. Men eg sit jo berre her og er avslappa i ansiktet, ler Tjellaug.

Det er i alle fall ingen tvil på telefonen om at ho faktisk er ganske blid.

Smil kan bli ei tvangstrøye

Om ein ser alvorleg og sur ut kan ein skape distanse, seier Egon Hagen.

Han er psykolog og kjent frå NRK-podkasten Psykologen.

– Ansiktet er viktig for å seie korleis folk har det. Men samtidig trur eg det å gå rundt med eit tvungent smil kan vere som ei tvangstrøye, seier Hagen.

Egon Hagen

Psykolog Egon Hagen var ikkje kjend med omgrepet resting bitch face, men seier at ansiktsuttrykk ofte går utover førsteinntrykket.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Likevel tenker han at det kan vere bra å få beskjed om at eit avslappa ansikt for nokon, kan bety sur for andre.

– Viss ein ikkje er klar over at ein formidlar alvor, så er det jo eit poeng i å vere klar over det. Å dra på jobbintervju og sjå sur ut er kanskje ikkje så lurt.

Større forventningar mot kvinner

Sjølv har eg blitt fortald at enkelte har vore redd meg fordi eg har sett så sint og alvorleg ut.

Men eg veit jo om mange av det mannlege kjønn som ser minst like sinte ut. Men ingen av dei får høyre at dei har «resting bitch face».

Tjellaug føler at forventningane er større mot kvinner.

– Ein opplever meir ubehag med sure kvinner enn menn. Ein vil ikkje tenke at ein mann er sur på same måten.

Psykolog Hagen har ikkje noko fasitsvar, men trur det kan ligge noko enkelt bak.

– Me menn har større tendens til å la kvarandre vere i fred.

Fekk forklarande kaps

Fleire unge kvinner NRK har snakka med kjenner seg igjen i uttrykket, både å bruke det mot andre og fått brukt det mot seg sjølv.

Tjellaug på si side skulle ønskje det ikkje var eit omgrep.

Ane Bamle Tjellaug

Ane Bamle Tjellaug er ikkje sur her, ho er berre avslappa i ansiktet. Derfor fekk ho denne kapsen av kollegaene sine.

Foto: privat

– Det burde vere greitt å sjå slik ut, og ikkje vere forventa at ein skal smile til kvar ei tid.

Då ho slutta i Vårt Land i 2020 fekk ho ein kaps der det stod «Jeg er ikke sur».

– Eg har vurdert å bruke han på videomøte, som må vere den staden i samfunnet med høgast tettleik av kvilande hurpetryne. Men sidan alle uansett ser sure ut på Teams, har eg førebels droppa det.

Kanskje det er ein slik kaps eg burde få, sånn eg slepp å unnskylde meg neste gong eg ser sur ut. Kanskje neste gong me vinn lokalt OL-gull.